Storfangst av forskingsmidlar til Helse Møre og Romsdal

Tildeling av årets forskarstipend frå Helse Midt-Norge er klar.

Psykolog Kristian August Tjelle og postdoktor Solveig Fadnes var to av dei som fekk tildelt midlar for å drive med forsking.

Tjelle og Fadnes

Helse Midt-Norge RHF lyser kvart år ut midlar til forsking som tilsette i alle helseføretaka i regionen kan søke på. Søknadsfristen var i juni og tildelinga er no gjort. 

- Størst uttelling

Frå HMR var det 19 søknadar. Totalt fekk HMR tildelt fire ph.d.-stipend, eit forskarstipend og eit stipend til ryggstudien (Nordsten) under kategorien prosjektmidlar. Søknadane frå HMR hadde gjennomgåande høg kvalitet; to av ph.d-søknadane var blant dei tre på topp med høgast karakter og forskarstipendet hadde beste søknad i denne kategorien.

- Dette gjer HMR til årets vinnar i mine auge: vi har fått størst uttelling i forhold til antal søkjarar. Den høge uttellinga viser at det er mykje engasjement og mange som ønskjer å forske, det å jobbe med kvaliteten på søknadane gjev resultat. Føremålet med midlane er å stimulere til auka kompetanse, auka forskingsaktivitet og auka publisering. Årets tildeling i kategorien ph.d.-stipend består av to kvinner og to menn frå ulike klinikkar. Det er ikkje sett av forskingsmidlar på HMR sitt budsjett og det er derfor ekstra gledeleg at så mange får tildeling frå HMN/Samarbeidsorganet i år, seier forskingssjef Berit Kvalsvik Teige.

Brukermedverknad

Søkjarane må gjere greie for i kva grad brukarane (pasientar og pårørande) er involvert i planlegginga og gjennomføringa av prosjektet. Søknader som manglar  skildring av brukermedverknad eller forklaring på kvifor det ikkje er relevant, vart ikkje vurdert. HMR fekk forkasta ein søknad på grunn av manglande brukarmedverknad. Heile 18 av dei innkomne søknadane til SO vart forkasta av same grunn.  Forskingssjefen peikar på kor viktig det er med etablert brukarmedverknad i forskinga.

Nyttevurdering

Prosjektsøknadane har vore vurdert etter  forventa nytte for pasienten og helsetenesta, og korleis ny kunnskap kan takast i bruk i helsetenesta. Vurdering av nytteverdi har vore  likestilt med kvalitetsvurdering.

Desse får tildelt ph.d.-stipend:

PHD-stipend
​NAMN
​PROSJEKT
​KLINIKK
​Kristian Sørensen 
(søknaden var nest best i denne kategorien)
​High frame rate echocardiography for advanced evaluation of cardiac function in children.
​Klinikk for kvinner, barn og ungdom
​Heidi Hjelle 
(tredje beste søknad i denne kategorien)
​Inflammatorisk tarmsykdom i Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag
​Klinikk for medisin og rehabilitering
​Kristian August Tjelle
​Translational approach to the understanding and treatment of Obsessive-Compulsive Disorder (OCD). Can D-Cycloserine enhance and stabilize the treatment-response in relapsed and non-responding OCD-patients? A randomized, double-blind, placebo-controlled national study. Mediators and moderators for treatment outcome. 
​Klinikk for psykisk helse og rus
​Anne Mari Holte Flusund
​Patients with traumatic brain injury: mapping of traumatic axonal injuries in clinical neuroimaging modalities and their importance in predicting long-term outcome.
​Klinikk for diagnostikk

Desse får prosjektmidlar:

Prosjektmidlar
​NAMN
​PROSJEKT
​KLINIKK
​Torstein Hole, Erland Hermansen
​NORDSTEN-studien
​Klinikk for kirurgi



Disse får forskarstilling:

Forskarstilling
​NAMN
​PROSJEKT
​KLINIKK
Solveig Fadnes
(beste rangerte søknad)​
​Improved diagnostic tools for detection of congenital heart disease by next-generation ultrasound imaging
​Klinikk for kvinner, barn og ungdom