Suksess med simuleringssamarbeid

Samarbeid om simulering mellom Helse Møre og Romsdal og utdanningsinstitusjon gir betre kvalitet og meir relevant praksis.

Simulering

Simulering

I veke 44 gjennomførte Helse Møre og Romsdal i samarbeid med NTNU eit pilotprosjekt på simulering i kjende omgivnader på sjukehuset i Ålesund.

- Dette var nyttig

Tilsette og studentar i akuttmottak, intensiv, operasjon og anestesi deltok og det vart øvd på ulike scenario tilpassa kvar eining. Spontane reaksjonar frå studentar og tilsette var at «dette hadde vi nytte av!».
 
Pilotprosjektet er ein del av eit samarbeidsprosjekt mellom Klinikk for akuttbehandling og Institutt for helsevitenskap NTNU i Ålesund. I 2017 fekk dei tildelt prosjektmidlar frå Regionalt samarbeidsorgan i Helse Midt-Norge for å gjennomføre eit prosjekt knytt til kvalitet og relevans i praksisstudiar. Både spesialsjukepleiarar og medisinstudentar frå NTNU deltok på dette.

Tverrfaglege team

Intensivsjukepleiar Elisabeth Forberg har siste året vore tilsett i prosjektet i ei kombinert stilling for å utvikle simuleringsaktivitet. Hovudfokuset har vore på in situ simulering – det å simulere i eiga avdeling, i kjende omgjevnadar. 

I arbeidet vidare med simulering som pedagogisk metode, ser ein behov for å spisse og differensiere læringsmål og utbytte. Metoden vert i aukande grad nytta ved at tverrprofesjonelle team trenar på realistiske pasientsituasjonar i verkelege omgjevnadar med veldefinerte læringsutbytte.

Arbeidsgruppa: f.v Elisabeth Forberg, Grete Fylling, Tove Vadset, Arnhild Kongshaug, Mads Solberg og Finn Andersen

Arbeidsgruppa: f.v Elisabeth Forberg, Grete Fylling, Tove Vadset, Arnhild Kongshaug, Mads Solberg og Finn Andersen

Simulering i framtida

Elisabeth Forberg som er med i arbeidsgruppa skal utarbeide ein sluttrapport som skal seie noko om korleis ein kan utvikle eit samarbeid om simulering mellom utdanningsinstitusjon og helseføretak. 

Det skal skisserast modell for kombinert stilling som i hovudsak skal arbeide med simuleringsaktivitet og vere eit bindeledd mellom HMR HF og NTNU. I tillegg skal rapporten innehalde eksempel på ulike modellar for organisering av simuleringsaktivietet.

Sjå simuleringa i bilete ved å klikke på videoen under (OBS! utan lyd)

InSituSimulering from Helse Møre og Romsdal on Vimeo.