Traineeprogram for sjukepleiarar på gong

For første gong er fire traineesjukepleiarar tilsett i helseføretaket.

F.v Ole Henrik Hole, Guro Høydal, Signe Dyrseth og Kristine Rakvåg.

​Traineeprogrammet for sjukepleiarar er innført i fleire andre helseføretak, men det et første gongen dette skjer i Helse Møre og Romsdal.

- Traineeprogrammet er eit toårig prosjekt som starta i september 2018 i medisinsk avdeling og avdeling for kreft- og blodsjukdommar i Ålesund. Målet er å gi utvikle kompetanse på fleire fagområde på eit tidleg tidspunkt i karriera. Dette håpar vi vil gje fagleg dyktige og fleksible sjukepleiarar, som kan jobbe på tvers av fagområda også etter at traineeperioden er over. For å gjere denne ordninga attraktiv, er full stilling eit rekrutteringstiltak. Vi valde i dette prosjekte å avgrense ordninga til å gjelde nyutdanna sjukepleiarar, seier seksjonsleiarane Synnøve Haram Rotnes, Ann-Helen Arthur, Barbro Teige og Liv Ipsen ved medisinsk avdeling og kreftavdeling i Ålesund.

Roterer på sengepostane

I  traineeperioden skal dei fire sjukepleiarane jobbe åtte månadar kvar, i medisinsk avdeling og avdeling for kreft- og blodsjukdommar. Det er lagt opp til eigne refleksjonsgrupper, deltaking på samtlege fagdagar arrangert av dei involverte einingane, samt hospitering ved samarbeidande seksjonar og kommunehelsetenesta.

- Vi skal evaluere prosjektet i 2019, og dersom fleire av sjukehusa i Helse Møre og Romsdal ønsker å innføre tilsvarande ordning, håper vi å kunne bidra med våre erfaringer, seier Rotnes.
 
Etter at traineeperioden er gjennomført, kan delar av stillinga framleis vere knytt til ei bemanningseining, slik at dei kan jobbe på dei seksjonane kor behovet er størst.

Breiddekompteanse

Dei fire som no går i rotasjon på sengepostane ved Ålesund sjukehus er Guro Høydal, Ole Henrik Hole, Kristine Rakvåg og Signe Dyrseth.
 
- Ein er ikkje ferdig utlært sjølv om ein er ferdig utdanna, og då er det ei stor gulrot å få fast stilling på eit sjukehus, seier trainee Signe Dyrseth.
 
- Ein blir ikkje ekspert på åtte månader, men det gir ein moglegheit til å finne ut kva ein liker å jobbe med og kva ein synes er spanande. Håpet er at vi kan bidra med erfaringsutveksling på tvers av seksjonane, seier trainee Ole Henrik Hole.