Trekker tilbake krykker

Har du fått tildelt krykker frå Ålesund sjukehus i løpet av sommaren eller seinare? Då ber vi deg om å ta kontakt med oss. Vi har fått melding om det som kan vere to dårlege parti, der fire enkeltkrykker har knekt.

Når du tar kontakt  med oss vil vi undersøke om du har fått krykker frå dei aktuelle partia og i tilfelle gi deg eit par nye.

– Vi jobbar no med å kartlegge kven som har fått krykker frå desse partia, og vi ønsker å ta kontakt med alle reigistrerte, seier medisinsk fagsjef Mariann Hagerup Gammelsæther. Ho oppmodar likevel alle som har fått krykker i denne perioden om å ta kontakt.

Produsenten har opplyst at feilen som er funne på desse krykkene no er retta.

Kontakt

  • Seksjonsleiar for kliniske støttefunksjonar i Ålesund, Bente Borhaug. Telefon: 70105177, eller ring sentralbordet på telefon 70105000 og be om å bli sett over til Borhaug.
  • Driftskonsulent Torbjørn Stokke. Telefon: 70105194

Slik kan du sjekke om du har krykker frå dei aktuelle partia

Krykkene det er registrert feil på er merka med 5 eller 7. Sjå bildet.  

Merke på krykkene.

Slik er krykkene merka. Sjå om du har krykker der pila peikar på 5 eller 7, og ta kontakt med oss.