Treng meir tid før utlysing av ny konkurranse for SNR

Evaluerings- og utredningsarbeidet knytt til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal er ikkje ferdig, og ny framdriftsplan blir dermed ikkje klar før over nyttår.

Hovedinngang SNR

Hovedinngang SNR

- Prosjektstyret si oppgåve er  å realisere Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Vi meiner at det er riktig å bruke tid på evaluerings- og utredningsarbeidet for å sikre oss oversikt og kunnskap om forhold som kan styrke gjennomføringa av prosjektet, seier leiar for prosjektstyret, Olaf Melbø.

Olaf Melbø

Olaf Melbø

Innhald i evalueringa

Metier OEC gjennomfører den ekstern evalueringa av prosjektarbeid som blei gjennomført i perioden jan. 2017- juni 2018. I evalueringa går dei inn på arbeid som utbyggingsorganisasjonen i Sykehusbygg, prosjekteringsgruppa og prosjektstyret har utført i samband med førebuande grunnlag og gjennomføringa av førre anbodskonkurranse.

Evalueringa vil omhandle:

• Kostnadsavviket mellom tilboda og prosjektet sitt budsjett
• Prosjektstyring
• Omfangs- og kostnadsstyring i forprosjektet
• Kostnadsestimering og usikkerhet
• Val av kontraktsstrategi
• Prosjektorganisering

I tillegg til evalueringa bidreg Metier OEC med ei utgreiing der dei samanliknar kostnadar i SNR-prosjektet med andre sjukehusprosjekt og der dei vil sjå på ulike alternativ for vegen vidare.

- Når evalueringsarbeidet er klart i januar så veit vi meir om arbeidet som må gjennomførast før vi lyser ut ein ny anbodskonkurranse. Vi legg opp til å gå gjennom evalueringa i midten av januar og vil deretter leggje fram prosjektstyret si vurdering og anbefaling til vegen vidare for adm.dir. i HMR, seier Melbø.

- Det er sjølvsagt uheldig at ikkje evalueringa er klar for styret i HMR no i desember. Eg har likevel tiltru til at det pågåande arbeidet vil bidra til å styrke prosjektgjennomføringa av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, seier adm.dir. i HMR, Espen Remme