Vil styrke satsinga på innovasjon i helsesektoren

Ny teknologi, auka digital kompetanse sjå helsepersonell og innovativt arbeid innan forsking og utvikling skal heve kvaliteten på helsetenestene til befolkninga, det sa helseminister Bent Høie da han besøkte Kristiansund tidlegare i veka. 

Leiarar på Nordmøre og i HMR møtte helseminister Bent Høie i Kristiansund
Sentrale leiarar frå Nordmørskommunar og helseføretak møtte helseminister Bent Høie i Kristiansund

Helse som vekstnæring

Høie peika i sitt innlegg på moglegheitene som ligg framfor oss i å jobbe smartare og meir innovativt innan helsesektoren. Han meiner at den største veksten av helsetenester vil komme nært befolkninga, heime sjå pasientane og i lokalmiljøet gjennom helsetenester som er lett tilgjengeleg i kvardagen. Den teknologiske og medisinske utviklinga har bidrege til ein kraftig auke i helsenæringa internasjonalt og Høie viste til Danmark og Canada som føregangsland.

- I Norge har vi har fleire positive miljø som jobbar godt med innovasjon innan helsenæringa, men vi har mangla ein overordna plan og struktur. Vi ønskjer å byggje vidare på næringar som allereie er etablert og leggje betre til rette for samarbeid mellom offentlig helsesektor og privat næringsliv, sa Høie.

Kari J. Kværner, senterdirektør i C3,  Saliba Andreas Korkunc, politisk rådgivar og Bent Høie, helseminister

Kari J. Kværner, senterdirektør i C3, Saliba Andreas Korkunc, politisk rådgivar og Bent Høie, helseminister

Legg fram nye planar

I ny Nasjonal helse- og sykehusplan som kjem i 2019 og i revidert langtidsplan for forsking og høgare utdanning som blir lagt fram i oktober i år står satsinga på innovasjon sentralt. I sitt innlegg viste Høie til Helse Midt-Norge sitt arbeid med å anskaffe og innføre Helseplattformen som eit særs viktig grep for å møte framtida.

- Midt-Norge blir den første regionen i Norge som kan tilby befolkninga samanhengande digitale helsetenester. Det vil krevje ei stor omstilling i helsetenesta kor fleire i helsetenestene får auka sin digitale kompetanse og vi må leggje til rette for gode kompetansehevande tiltak. I tillegg kjem det i framtida fleire ingeniørar og ikt-personell inn i drifta av sjukehusa våre, sa Høie.

Ellen Anette Heggstad og Anne-Lise Sagen Major jobbar med innføring av Helseplattformen

Ellen Anette Heggstad og Anne-Lise Sagen Major jobbar med innføring av Helseplattformen

Les meir om Helseplattformen her

Innovasjonsarbeid i Helse Møre og Romsdal

Fleire fagmiljø i Helse Møre og Romsdal er i front i sitt arbeid med forsking, utvikling av nye helsetenester og gjennom sitt daglege arbeid med pasientbehandling.

Gjennom metoden kontinuerleg forbetring jobbar føretaket med å redusere pasientskadar, forbetre pasienttryggleikskulturen og bygge varige strukturar for pasienttryggleik gjennom mellom anna standardiserte pasientforløp. Strategisk satsing på innovasjon er eit heller nytt område for Helse Møre og Romsdal, men er noko som er løfta fram og som er gjort tydeleg i utviklingsplanen for planperioden 2019-2022.

I framtida vil dette arbeidet bli ytterlegare styrka mellom anna gjennom å utvikle ein innovasjonskultur. Målet er at innovasjonsprosjekt skal styrke spesialisthelsetenesta også i eit samhandlingsperspektiv ut mot kommunane.

Les om føretaket sitt idèmottak
Strategi- og handlingsplan for forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse
Helse Møre og Romsdal sin utviklingsplan