Endrer ikkje på ambisjonene om å få på plass dei kortsiktige tiltaka i Ålesund

Revidert bygningsmessig utviklingsplan skal leggast fram for styret i januar 2020, ifølge klinikksjef Mona Aagaard-Nilsen i Klinikk for drift og eigedom.
Klinikksjef Mona Aagaard-Nilsen under styremøtet onsdag.
Klinikksjef Mona Aagaard-Nilsen under styremøtet onsdag.

​I styremøtet onsdag forklarte klinikksjef Mona Aagaard-Nilsen i Klinikk for drift og eigedom om planane for revidering av bygningsmessig utivklingsplan, som har skapt ein del uro i organisasjonen då styresaka blei lagt fram forrige veke.

- Her skulle vi vore tydelegare i informasjonen internt, og det skal vi jobbe for å bli betre på, sa Aagaard-Nilsen innleiingsvis.

Det bygningsmessige etterslepet på vedlikehald ved Volda og Ålesund sjukehus utgjer eit investeringsbehov på totalt 1,9 milliardar kroner dei neste 10 åra. Noko av dette blir finanisert gjennom lån og resten gjennom driftsoverskot. Det er gitt tilsagn om lånemidlar til bygningsmessig utviklingsplan på totalt 211 mill.

Prosjekta i Ålesund og Volda

I langtidsbudsjettet for 2018-2022 er midlane fordelt på nokre større prosjekt ved sjukehusa i Volda og Ålesund. Dette gjeld akuttmottak m/observasjonssenger i Volda, ny straumforsyning ved Ålesund sjukehus, akuttmottak og korttidspost ved Ålesund sjukehus og utvikling av intensivavdelingen inkl. postoperativ ved sjukehuset i Ålesund.

- Ein nærare gjennomgang av prosjekta viser at planane for Volda lar seg realisere innanfor budsjett, mens prosjekta skissert i Ålesund per no ikkje lar seg realisere, seier Aagaard-Nilsen.

Må ta andre grep for å løyse behovet

Utrekninga av prosjekta var basert på grove kalkyler, og når ein gikk nærare inn i gjennomføringa av prosjekta i Ålesund såg ein det blei utfordrande å halde seg innanfor dei økonomiske rammene. Det gjer at planen må reviderast for å få eit meir presist grunnlag og for å finne gode løysingar.

- Dette er ikkje ein ønskesituasjon, men når kalkylane slår feil så må vi ta eit steg tilbake og se på korleis vi skal løyse dette behovet. Ein revisjon av planen endrar ikkje på ambisjonane, men vi må vere sikre på at vi vel løysingar som gjer at vi klarer å gjennomføre dette. Derfor må vi tilbake til teiknebrettet saman med representantar for dei tilsette, seier klinikksjef for drift og eigedom Mona Aagaard-Nilsen.

Arbeidet framover vil inkludere representantar frå fagmiljøa, tillitsvalte og vernetenesta.

- Vi må få oversikt over kostnadane på dei kortsiktige tiltaka i Ålesund, før vi kan ta sette ei rett prioritering inn i langtidsbudsjettet, sa konst. adm dir Nils Kvernmo.


Les styresaken her.

Les om bygningsmessig utviklingsplan her.