Ærespris til overlege Kjell Erik Strømskag

Overlege i anestesiologi ved Molde sjukehus, Kjell Erik Strømskag, har motteke æresprisen i Norsk anestesiologisk forening for framragande arbeid i faget.

Kjell Erik Strømskag fekk prisen av Siri Tau Ursin, styreleiar i NAF


I sin tale la foreininga sin styreleiar, Siri Tau Ursin, vekt på Strømskog sitt imponerande arbeid og uttrykte at han var ein særs verdig vinnar av prisen.

Kva betyr det for deg å få denne prisen?
- Eg er særs stolt og glad for å få prisen. Når eg ser tilbake så opplever eg meg som heldig som valde anestesi som fagområde. Det har gitt meg nokre moglegheiter som berre dette faget kunne gi meg.

Tre doktorgradar

Strømskag blei spesialist i anestesiologi i 1988 og har sidan det oppnådd heile tre doktorgradar. Den første avhandlinga var om interpleural teknikk. Den andre om anestesien sin historie, " Et fag på fire søyler", og den tredje avhandlinga blei forsvart i 2013 og handlar om palliasjon.

- Åra i føretaket og arbeider med doktorgradane har vore fantastisk spannande og arbeidskrevjande, og eg har fått brukt alle sider av meg sjølv i jobben. Eg vil særleg takke fagmiljøet ved Molde sjukehus og tilsette i føretaket som har støtta meg i mitt arbeid.

Kva vil du trekke fram som særleg viktig for deg frå arbeidet ditt?
- Møta med enkeltpasientar og pårørande har hatt stor betyding for meg og er noko som har gitt jobben min og livet mitt stor meining.

Kriteriene for tildelinga av æresprisen: 

  • Kandidaten har gjort ein stor innsats for det anestesiologiske fagfelt gjennom fleire år
  • Kandidaten har gjort eit framragande arbeid som klart markerer viktigheita av det anestesiologiske fagfelt i det medisinske miljø
  • Kandidaten har gjennom sitt arbeid tydeleggjort for allmennheita betydinga av det anestesiologiske fagfelt
  • Kandidaten har gjort eit viktig arbeid for NAF sine medlemmar gjennom lang tid

Kjell Erik Strømskag fyller, etter styret si oppfatning, alle fire kriterier.