- Fekk inn mange gode innspel

Risiko- og sårbarheitsvurderinga av ei eventuell outsourcing av reinhaldstenestane i Kristiansund, Molde og på Hjelset samla over 40 deltakarar onsdag.

Frå ROS-vurderinga i Molde onsdag

- Eg opplevde at møtet i dag var veldig konstruktivt. Engasjementet var stort og vi har fått inn mange gode innspel, seier klinikksjef Mona Aagaard-Nilsen i Klinikk for drift og eigendom.

Over 30 deltok på risiko- og sårbarheitsvurderinga av outsourcing av reinhaldstenestene i Molde og Kristiansund. Blant dei representantar frå tillitvalde, verneombod, tilsette og leiarar frå seksjon for reinhald, samt samarbeidande seksjonar både innan psykiatri og somatikk.

Ekstern leverandør på Sunnmøre

I dag blir reinhaldstenestene i Ålesund og Volda levert av ein ekstern aktør, noko dei har hatt sidan 70- og 80-talet. På nordsiden har helseføretaket har hatt eiga reinhandsdrift både ved sjukehusa i Molde og Kristiansund, samt på Hjelset.

Hensikta med ROS-analysen er å vurdere kva risikoar og konsekvensar som en outsourcing av reinhaldstenesta vil medføre, kontra det å drifte tenesta med eiga personell. Samtidig skal gruppa kome med forslag til kompenserande tiltak.

Skal opp i styremøtet i mars

Deltakarene får moglegheit til å kome med innspel før analysen ferdigstillast, og sjølve ROS-analysen vil vere klar 11. mars.  Deretter vil den inngå i styresaka som skal behandlast på styremøtet 27. mars. 

- Det er viktig å understreke at eit eventuelt forslag til styret om outsourcing av disse tenestene vil ha med seg eit atterhald om positiv økonomisk effekt ved bytte til ekstern leverandør, seier Aagaard-Nilsen.

Mogleg gjennomføring av bytte til ekstern leverandør vil tidlegast skje 1. september.

Bakgrunn

I 2016 konkluderte klinikksjefen med at reinhaldet skal skje i egen regi fram til nytt akuttsjukehus SNR står klart. Sidan det har helseføretaket sin økonomiske situasjon blitt forverra, og kravet til innsparinger er skjerpa. Frå leiinga si side har det heile tida vore sagt at pasientbehandlinga skal så langt som mogleg skjermast, og at pasientfjern verksemd skal vurderast først.

Innan Klinikk for drift og eigedom er det foreslått å vurdere outsourcing av reinhaldstenesta  i Molde, Kristiansund og på Hjelset.

Sidan styremøtet 4. desember har det vore arbeidd i heile helseføretaket med å identifisere tiltak tilsvarande 200 årsverk, eller 131 millioner kronar.  4. januar vedtok styret at helseføretaket skulle gå vidare med forslaga til omstillingstiltak. Helseføretaket får også kompensasjon for merverdiavgiften ved kjøp av eksterne tenester.

ROS-analyser i HMR

ROS-analyser inngår som eit av elementa i systematisk risikostyring av Helse Møre og Romsdal som verksemd, og er i tråd med vedtak i Helse Midt-Norge om at det ved større endringsarbeid skal gjennomførast ROS-analyse som en del av saksutgreiinga. Gjennomføringa av analysen er i tråd med føretaket sin prosedyre for ros-analyser og Norsk standard 5814:2008, Krav til risikovurderingar.

Formålet med ROS-analysen har vore å vurdere risikoar og sårbarheiter i samband med forslaget om å outsource renhaldstenesta i Kristiansund og Molde. Som ein del av ros-analysen blei det også vurdert kva risikoreduserande tiltak som bør settast i verk for å handtere ulike risikoar.