- Mange synes det er skummelt å stikke i auget på ein pasient

Det gjer ikkje desse sjukepleiarane ved augepoliklinikken i Molde.

F.v: Veronica Folland, Gry Unjem og Hildegunn Roald

F.v: Veronica Folland, Gry Unjem og Hildegunn Roald

Ved augepoliklinikken i Molde har sjukepleiarar fått meir ansvar i behandlinga av pasientar med behov for intravitreale injeksjonar. Dette prosjektet har frigjort legeressursar og forhåpentleg reduserer det ventetida for andre pasientgrupper med behandlingsbehov for augelidingar.

Jobbglidningsprosjekt

 - Vi så det var eit behov for å frigjøre fleire legeressursar, og vi starta derfor eit jobbglidningsprosjekt  der sjukepleiarar har teke over det som tidligare var ein legeoppgåve. Vi trente først på griseauge, gjekk gjennom teoretisk opplæring med augelege,  og starta deretter med å stikke pasientar med lege til stades, seier seksjonsleder Gry Unhjem ved augepoliklinikken i Molde.

Bare i 2018 hadde augepoliklinikken i Molde over 3800 injeksjonar på denne pasientgruppa. Per i dag har poliklinikken fem sjukepleiarar som kan gjere denne behandlinga.

Prosjektet har hatt brei støtte både i legegruppa og hos klinikksjef og avdelingssjef.  Unhjem håper at dette får positive ringverknadar også for andre pasientgrupper i form av kortare ventetid på behandling.

Spanande med nye oppgåver

- Prosjektet er fortsatt nytt, men vi ser at andel pasientar med våt aldersrelatert macula degenerasjon auker. Så vi synes det er veldig gøy at vi har fått til dette, og tror at denne tilpassinga i behandling vil gje eit betre behandlingstilbod totalt til pasientar med augelidingar, seier Unhjem som også påpeiker at det er spanande med nye oppgåver.

- Mange som ikkje jobbar med dette synes kanskje det er ekkelt eller skummelt å sette ei sprøyte i auget til ein pasient, men vi sjukepleiarar som jobbar på poliklinikken synes det er spanande med nye oppgåver og utfordringar. Og i tillegg er det motiverande når både pasientane og legane heier på oss, avslutter Unjem.

F.v: Camilla Bauge Evensen, Maria Elnes, Hildegunn Roald, Erik Holen, Veronica Folland og Gry Unjem

F.v: Camilla Bauge Evensen, Maria Elnes, Hildegunn Roald, Erik Holen, Veronica Folland og Gry Unjem