- Stort fagleg engasjement

Ros-analysen på DPS Sjøholt samla 20 deltakarar som vurderte konsekvensar og risikoreduserande tiltak ved ei flytting av døgnsengene.

Frå ROS-analysen på DPS Sjøholt

Frå ROS-analysen på DPS SJøholt

- Eg har opplevd at det har vore et stort fagleg engasjement og at vi har fått grundige og gode tilbakemeldingar som vi no kan ta med oss inn i vi det vidare arbeidet, sier klinikksjef Karl-Arne Remvik i Klinikk for psykisk helse og rus.

Over 20 deltakarar

Over 20 deltok på risiko- og sårbarheitsvurderinga av døgntilbodet ved DPS Sjøholt onsdag, blant dem leiarar, tilsette, tillitsvalde, verneombod, representantar frå kommunane og Brukarutvalet.

Per no er døgntilbodet på DPS Sjøholt foreslått lagt ned og sengane foreslått overført til andre seksjonar i klinikken, samtidig som det ambulante tilbodet er foreslått styrka.

Skal behandlast i styremøtet i februar

Hensikta med ROS-analysen er å vurdere kva slags bekymringar eller utfordringar ein ser ved å flytte døgnsengene, samt få innspel på kva tiltak ein kan gjere for å redusere risiko knytt til dette.

- Ros-analysen er ein viktig del av beslutningsgrunnlaget, men er ikkje avgjerande i seg sjølv, seier avdelingssjef Ståle Hoff i Klinikk for psykisk helse og rus.

Deltakarene får no moglegheit til å kome med innspel før analysen ferdigstillast.  Deretter vil den inngå i styresaka som skal presenteres i styremøtet 20. februar. 

Bakgrunn

Sidan styremøtet 4. desember har det vore arbeidd i heile helseføretaket med å identifisere tiltak tilsvarande 200 årsverk, eller 131 millioner kronar. 

4. januar vedtok styret at helseføretaket skulle gå vidare med forslaga til omstillingstiltak.

Døgntilbodet ved DPS Sjøholt er  foreslått lagt ned som eitt av tiltaka, med konsekvens at sengene blir foreslått flytta til andre institusjonar i helseføretaket. 

Les også:
ROS-analysen av døgntilbodet på DPS Sjøholt
Styret vedtok forslag til tiltaksplan
Her er dei foreløpige omstillingstiltaka