- Vi må snakke kvarandre opp

Oppmodinga kom frå Ingrid Løset, leiar av brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal. Ho var ein av fleire som meinte at både kommunane og spesialisthelsetenesta i større grad må snakke kvarandre opp og ikkje ned.

Dialogmøte i Ålesund 1. februar
 

​- Vi har respekt for at det er travle dagar med stram økonomi både i helseføretaket og i kommunane. Vi har pasientgrupper som ikkje berre er bekymra men også redd for kva som vil skje. Fakkeltog, brev, lesarinnlegg som fortel at folk er uroa. Eg minner om samhandlingsreforma, vi må dra lasset saman, oppmoda Løset.

I salen var det over 120 representantar frå kommunar i Møre og Romsdal, som var samla i eit ekstraordinært dialogmøte for å diskutere omstillingane og tiltaka som helseføretaket har foreslått.

Adm.dir. Espen Remme i dialogmøtet i Ålesund i dag

Adm.dir. Espen Remme i dialogmøtet i Ålesund i dag


Adm.dir. Espen Remme innleia dagen med å uttrykke respekt for dei bekymringane som kjem opp i fylket. - Det blir gjort ein god jobb i helseføretaket og i kommunane, men vi må erkjenne at vi ikkje kan fortsette slik vi gjer i dag. Han spurde så forsamlinga om dei ser behovet for at helseføretaket må gjere noko, og om ein ikkje gjer det - kva alternativ ser ein då i staden.


Vi treng tid

Diskusjonen i salen og innlegga frå scena vitna om forståing for situasjonen som helseføretaket står i og behovet for at ein må gjere noko. Kva ein bør gjere var det ulike syn på. Nokre meiner at helseføretaket er underfinansiert, at administrasjonen er for stor eller at ein løyser utfordringa med å snu pasientstraumen til St.Olav og sjå på liggetidene internt. Kommunane var i hovudsak samstemte på at dei vil vere med på å finne løysingar saman med helseføretaket, men at dei treng tid på å gjere dette. Helseføretaket må ikkje gå fortare enn kommunane klarer å ta over, var klar beskjed frå fleire.


Ingen modell er perfekt

Stig Slørdahl, administrerande direktør i Helse Midt-Norge, har fått mange spørsmål kring oppbygginga av finansieringsmodellen og korleis den slår ut for Helse Møre og Romsdal.
- Modellen som blei innført 2011 har vore modifisert fleire gonger for å bli mest mogleg riktig og rettferdig. Ein kvar finansieringsmodell er gjenstand for diskusjon om den er riktig, og ingen modell er perfekt, seier Slørdahl.

Over 120 deltakarar det høgste tal deltakarar under eit dialogmøte i HMR

Over 120 deltakarar det høgste tal deltakarar under eit dialogmøte i HMR

Innlegg av ordførarane i "sjukehuskommunane"

Dei fire ordførarane frå «sjukehuskommunane» var utfordra på førehand til å halde innlegg i forkant av gruppediskusjonar:


Jørgen Amdam, ordførar Volda kommune.

- Kommuna kan ikkje vere ei "problemsøppelbøtte" for helseføretaket eller andre. Dersom tanken er at ein skal konsentrere rehabiliteringssengane i fylket til Ålesund med hensikt å spare 10 millionar kroner i året så er det ei kolossal utfordring både frå eit pasientperspektiv og eit kommunalt perspektiv.

Roger Osen, ordførar i Smøla kommune (på vegne av Kjell Neergaard i Kristiansund kommune).

- Helseføretaket har med vedtaket om å slå saman to sjukehus i Nordmøre og Romsdal gjort ei stor omstilling allereie. Vi må ikkje øydelegge det fundamentet med å gå den vegen som vi no går inn i. Vi må ikkje bli så ivrige i å ta igjen driftsunderskotet at vi øydelegger det grunnlaget.
Osen utfordra helseføretaket til å ofre noko av driftskreditten, og utfordra Helse Midt-Norge til å gi meir midlar.

Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund kommune:

- Vi må alle tenke gjennom korleis vi opptrer i slike type saker sett i lys av at det er valår. Vi kan vere med på å snevre inn moglegheita for å få ein sakleg og god dialog når vi tar del i fakkeltog og held apellar.
- Vi skal vere konstruktive, men som kommune har vi også rett til å trekke opp forsvarlegheitskortet. Vi må ha rett til å slåss for at pasienten ikkje skal miste behandlingsmoglegheiter.


Torgeir Dahl, ordførar i Molde Kommune:

- Utfordringa for helseføretaket er tydeleg for alle, og den er gallopperande negativ. Trass i at ein har vore i ei omstilling i 3-4 år. Produktiviteten er dårlegare enn for nokre år sidan. Vi har fått opp konkrete forslag til endringar, som betyr noko for tryggheiten men også for struktur. Skal samhandlinga komme etter vedtak? Det bør ikkje det.
- Sjå på byråkratiseringa av HMR. Eg trur det er for mykje stabsfunksjonar, både under direktør og inn i linja. Dei må understøtte det som er pasientnært.


Presentasjonar frå Dialogmøtet