10 millionar i lønnsløft til psykologane

Helse Møre og Romsdal gir psykologane eit stort lønnsløft frå 2020. - Det er ei anerkjenning av det gode arbeidet som blir gjort og nødvendig for å sikre rekruttering.

- Våre psykologar gjer ein kjempejobb, og vi ønskjer å gi anerkjenning for dette gode arbeidet og sikre konkurransedyktige lønsvilkår for denne faggruppa i helseføretaket, samstemmer klinikksjef Karl-Arne Remvik i Klinikk for psykisk helse og rus og konstituert klinikksjef Elisabeth Siebke i Klinikk for kvinner barn og ungdom.



- Våre psykologar gjer ein kjempejobb, og vi ønskjer å gi anerkjenning for dette gode arbeidet og sikre konkurransedyktige lønnsvilkår for denne faggruppa i helseføretaket, samstemmer klinikksjef Karl-Arne Remvik i Klinikk for psykisk helse og rus og konstituert klinikksjef Elisabeth Siebke i Klinikk for kvinner barn og ungdom.

Det er leiinga i desse to klinikkane som har tatt initiativ til lønsløftet som inneber ei ekstra satsing på 10 millionar kroner per år til psykologane i Helse Møre og Romsdal. I praksis inneber dette at frå 1. januar 2020 så får ein psykologspesialist eit lønnstillegg på kroner 80.000,- per år i full stilling, og ein psykolog får kroner 50.000,- per år i full stilling. Ordninga gjeld både nytilsette og dagens tilsette.

Det er stor psykologmangel i Helse Møre og Romsdal, og i styremøtet 23. oktober kom det fram at ein mangla 35 psykologspesialistar og 15 psykologar. Mangel på fagfolk har ført til stort arbeidspress og gjort det utfordrande å innfri krava til kvalitet i pasientbehandlinga.
- Vi har stor tru på at dette tiltaket bidreg til å sikre at vi beheld og rekrutterer fleire dyktige fagpersonar. Sterke og gode fagmiljø er særs viktig for å løyse samfunnsoppdraget vårt, seier Karl-Arne Remvik.

Helseføretaket har også sett ned ei prosjektgruppe som skal sjå på korleis ein skal rekruttere nye psykologar til spesialisthelsettenesta i fylket. Nokre av tiltaka blir å vere tettare på utdanningsmiljøa i Norge og å bygge gode kompetansenettverk for denne faggruppa.