Akuttkirurgien i Volda opnar frå 16. desember

Dette er eit tiltak for å betre ressursutnyttinga, ifølge leiinga i Klinikk for kirurgi. 
   

Volda sjukehus

Volda sjukehus

I løpet av 2018 vurderte ei arbeidsgruppe samansett av fagfolk frå sjukehusa i Volda og Ålesund den akuttkirurgiske vaktordninga for pasientar tilhøyrande Volda sjukehus.

Per i dag har kirurgane i Volda ei vaktordning for inneliggande pasientar i helgene, og klinikken har no opna for at legane i denne vaktordninga kan behandle akuttkirurgiske pasientar på helg, for å betre utnytte ressursane.

- Kapasiteten ved operasjon og sengepost i Ålesund er belasta, og målet er at opninga på helg skal føre til betre ressursbruk og betre pasientbehandling ved begge sjukehusa, seier konstituert klinikksjef Ingrid Vasdal.

Samarbeidande fagområde har no gjort nødvendige tilpassingar i samband med driftsendringa. 

Akuttkirurgien opnar frå 16. desember, og helseføretaket skal evaluere konsekvensane av driftsendringa før 2022.

Bakgrunn:

Fram til 2011 var Volda akuttsjukehus innan fagområda gynekologi/obstetrikk, ortopedi, generellkirurgi/gastrokirurgi og medisin. Over tid hadde det vore ein situasjon der ein hadde utfordringar med rekruttering av spesialistar til blautkirurgisk fagområde i Volda. Samstundes ønska dåverande styre i helseføretaket, etter oppdrag gitt i føretaksprotokoll frå Helse-Midt Norge RHF, å sjå på moglegheita med å redusere bemanninga i samband med økonomiske driftsutfordringar. Dette vart løyst gjennom at det vart sett ned 8 ulike arbeidsgrupper innan ulike fagområde, og der ei gruppe arbeidde med akutttilbod innan kirurgi og ortopedi. Basert på arbeidsgruppa sine konklusjonar og tilråding frå administrerande direktør til styret i HMR, vart det ved Volda sjukehus valt ei løysing med 5-døgnspost med akuttkirurgisk mottak måndag kl. 08:00 til fredag kl. 16:00.

Styresak 2012/73 refererer til interne avvik og klagemeldingar, med oppfølging i styresak 2012/95 og 2013/02. Etter fullmakt frå styret som administrativ justering, vart det bestemt å innføre kirurgisk beredskapsvakt for innlagte pasientar ved Volda sjukehus. Dette hindra at desse pasientane vart flytta til Ålesund sjukehus. I tidsrommet fredag kl. 16:00 til måndag kl. 08:00 vert nytilviste akuttkirurgiske pasientar sendt til Ålesund sjukehus eller St. Olavs Hospital.

Dette vedtaket har sidan januar 2013 vore gjeldande praksis.

Det har sidan innføringa av vedtaket framkome faglege, kvalitetsmessige og økonomiske utfordringar ved denne løysinga. Helse Møre og Romsdal har nedfelt i sin vedtekne utviklingsplan at kirurgisk klinikk bør gjere ei vurdering av denne løysinga.