Arbeidet med kostnadsreduksjon – status og vegen vidare

I styremøtet i juni fekk direktøren i oppgåve å utarbeide ein gjennomføringsplan som sikrar framdrift for å betre den økonomiske prognosen for 2019. Styret bad også om at det blir gjort ei konsekvensanalyse av tiltaka, og at planen blir drøfta med tillitsvalte i tråd med lov- og avtaleverk.

Fra stadleg leiarmøte ved Kristiansund sjukehus i juni

Omstilling var tema på leiarsamlingane

Økonomidirektør Heidi Nilsen og konst. adm.dir. Nils Kvernmo
Før og etter styremøtet har det vore stadlege leiarsamlingar ved alle sjukehusa der også tillitsvalde har vore invitert.

I møta har konstituert adm. dir. Nils Kvernmo snakka om kvifor HMR må gjennom ein kostnadsreduksjon, korleis den er fordelt og kva som er tidsplanen framover.

Direktøren forstår kritiske spørsmål og reaksjonane som har kome frå leiarar og tillitsvalde.

- Eg opplever verdige markeringar ved sjukehusa med utgangspunkt i det som er verdigrunnlaget for helsetenesta. Noko av bodskapen frå dei tilsette er at ikkje alt vi driv med kan målast i økonomi, og det er eg veldig einig i. Men helsetenestene har også økonomiske rammer som vi må finne løysingar innanfor. I motsetning til privat næringsliv som fokuserer på økonomisk resultat og overskot, så skal ikkje vi ha noko overskot frå det vi driv med. Vår jobb er å finne dei beste løysingane for pasientane innanfor rammene storting og regjering har gitt oss, sa Kvernmo.

Lite rom for investeringar

I følgje Kvernmo er den grunnleggande utfordringa for HMR er at føretaket i ein tiårsperiode har satt av for lite pengar til utstyr og bygg, noko ein ser konsekvensane av i dag.

Konstituert adm. dir. Nils Kvermno
- Hovudproblemet vårt er at vi har ein økonomi som gir altfor lite rom for investeringar, men det er det mogleg å gjere noko med. Summen helseføretaka får skal dekke både lønningar og kostnader til å kjøpe nytt utstyr og vedlikehald av bygg. Under omvisingane ved sjukehusa har eg møtt dyktige fagfolk som er opptekne av å utvikle tilbodet, men som kanskje slit med logistikk og som saknar  hensiktsmessige løysingar. Det er viktig for meg å få fagfolk sine synspunkt. Når det er snakk om kostnadskutt, nedbemanning og reduksjon av ressursar så er det vanskeleg å sjå løysinga fordi vi har det veldig travelt. Eg erkjenner at dette ikkje er lett, men eg meiner det er mogleg å få til, sa Kvernmo.

Kvernmo var i leiarmøta tydeleg på at planen må gjennomførast for å bringe HMR inn i ein posisjon der ein styrer eigen utvikling, og dei involverte må ha ein dialog om korleis ein kan gjere dette saman.

Fordeling av reduksjon

Sidan styremøtet den 12. juni har ein vurdert korleis ein skal fordele dei 130 årsverka ut i organisasjonen. Fordelinga er gjort etter kva del ein har av den total økonomien og kva prognose ein har for å nå resultatet for 2019. Det er ikkje eit krav at reduksjonen må vere faste stillingar, men ein reduksjon i tal årsverk. Forslaga må også vere mogleg å kontrollere og ha ein effekt for økonomien.

- Vi har opna for at dersom det kjem andre ting som er lurare å gjere i ein vanskeleg situasjon så kan vi sjå på det, understreker Kvernmo.

Prosess og tidsplan

I etterkant av styremøtet har klinkkar og stabsavdelingar fått i oppdrag å detaljere og operasjonalisere utfordringa ned i enkelttiltak. Første skisse skal leverast denne veka, med ei nærare konkretisering i starten av juli.
Forslaga vil bli arbeidd vidare med i leiargruppa og med hjelp frå omstillingsgruppa.

Den samla oversikten av omstillingstiltaka blir drøfta på føretaksnivå før dei blir lagt fram for leiargruppa og godkjend av adm. dir. i forkant av styremøtet i september. Tiltak som ikkje er av ein slik karakter at dei må drøftast må likevel gjerast med involvering og medverknad.

- Det er korte fristar, men det er anledning til å gi innspel og det blir gjennomført drøftingar og konsekvensvurderingar. Det blir også gjort ei samla vurdering av tiltaka av leiargruppa og direktøren, slik at dette ikkje berre blir enkeltvise tiltak. Ein av dei store utfordringane er å få dette til å henge saman heilheitleg, sa Kvernmo.

​Skisse til tidsplan med tentative datoar​
​26. juni ​Møte med føretakstillitsvalte om vidare prosess og tidsplan
​Juli/august​Forslaga blir oppsummert. Vurdering av heilheita og behov for møter med grupper av klinikkar/andre for å sjå på eventuelle avhengigheiter.
​18.juni – 10. september​Diskusjon årsverksreduksjon, konsekvensvurdering og involvering av i organisasjonen.
​Medio august​Møte med føretakstillitsvalde
20. august​​Diskusjon og sak om omstilling inn i leiargruppa
​27. august​Vidare arbeid med omstilling og oppfølging i leiargruppa
​3. september​Vidare arbeid med omstilling og oppfølging i leiargruppa
​Primo september​Formelt drøftingsmøte med føretakstillitsvalde 
​10-11. september​Avgjerdgrunnlag til godkjenning i leiargruppa, inkludert plan for gjennomføring og avbøtande tiltak
​23. september ​Møte i brukarutvalet