Arkitektar med på laget i utviklinga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR)

For å sikre gode løysingar i vidareutviklinga av det nye akuttsjukehuset på Hjelset, har prosjektet knytt til seg rådgivande ingeniør og arkitektar med solid erfaring frå ulike sjukehusprosjekt.

 


For å sikre gode løysingar i vidareutviklinga av det nye akuttsjukehuset på Hjelset, har prosjektet knytt til seg rådgivande ingeniør og arkitektar med solid erfaring frå ulike sjukehusprosjekt.

Det er Skanska, med ansvar for totalentreprisen på vegne av Helse Møre og Romsdal, som har inngått kontrakt med COWI AS, Arkitema Architects AS og Ratio arkitekter AS.

- Vi er særs glade for at vi har fått arkitektar og rådgivarar på plass og gler oss til å samarbeide med Arkitema, Ratio og Cowi for å optimalisering av løysingar for dette viktig prosjektet, seier prosjektleiar i Skanska, Frode Berg.

Frå venstre: Skanska:Kjell Garberg, Cowi: Petter Måløy, Arkitema/Ratio: Adreas Gehe, Sykehusbygg: Harald Hasfjord, Skanska: Stein Eriksen, Cowi: Maret Gaare, Arkitema/Ratio: Anne Guri Grimsby, Arkitema/Ratio: Marte Austvik Letnes, Helse Møre og Romsdal: Ketil Landevåg Gaupset, Cowi: Terje Nilssen, Cowi: Elin Tørlen Lønvik

Flyttar saman

Denne veka flyttar arkitektar og rådgivarar inn i Skanska sitt kontorbygg i Trondheim, der Skanska saman med prosjektorganisasjonen frå Sykehusbygg og Helse Møre og Romsdal har vore samlokalisert sidan oktober.

- Med gode arkitektar og rådgivande byggingeniørar på plass kan vi intensivere arbeidet. Målet er å utforme eit framtidsretta akuttsjukehus på best mogleg måte både for pasientar, pårørande og dei tilsette og med dei funksjonane og kapasiteten som er vedtatt, seier prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal

Erfaring frå sjukehusprosjekt

Både Cowi og Arkitema/Ratio har god erfaring frå sjukehusprosjekt og samspel. Aktørane stiller med kompetanse og erfaring frå gjennomførte sjukehusprosjekt som har direkte overføringsverdi til SNR. Særleg relevant er Nytt sykehus på Gaustad i Oslo og Nye UNN i Narvik i tillegg til Nytt Østfoldsykehus og Nordlandssykehuset.

- Med gode arkitektar og rådgivande byggingeniørar på plass kan vi intensivere arbeidet. Målet er å utforme eit framtidsretta akuttsjukehus på best mogleg måte både for pasientar, pårørande og dei tilsette og med dei funksjonane og kapasiteten som er vedtatt, seier prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal

Oppdragsansvarleg for arkitektane, Anne Guri Grimsby, seier at dei ser fram til samarbeidet.

- Vi er stolte og takknemlege over at Skanska har valt oss som sin samarbeidspartnar til dette spennande og viktige samfunnsoppdraget, og vi er audmjuke overfor det store arbeidet som allereie er gjort i prosjektet. Vi vil søke å vidareføre dei kvalitetane som ligg i prosjektet sin historikk, og vi gler oss til å vidareutvikle og realisere det nye akuttsjukehuset på Hjelset saman med teamet, seier Grimsby.

Byggestart i 2020

Akuttsjukehuset på Hjelset er i forprosjektet vurdert med ein storleik på 50.000-55.000 m2  i bruttoareal og blir eit komplett somatisk akuttsjukehus inkludert areal for psykisk helsevern. Byggestart er planlagd til hausten 2020 og ein forventar full drift ved sjukehuset frå 1. mai 2024.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) vil i tillegg til akuttsjukehuset på Hjelset bestå av eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.