Avanserte biletanalyser hjå pasientar med livmorkreft

Sigmund Ytre-Hauge disputerer onsdag 11. desember for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga “Advanced imaging biomarkers in endometrial cancer”.

I den vestlege verda, inkludert Noreg, har førekomsten av kreft i livmorslimhinna auka kraftig sidan etterkrigstida. Direkte årsak til livmorkreft er ukjent, men fedme er ein risikofaktor. Sjukdomen rammar oftast kvinner etter overgangsalder, og underlivsblødning er som regel det symptomet som gjer at kvinnene oppsøkjer lege. Gynekologisk undersøking og utskrapingsprøve frå livmor gjev diagnosen. I dei fleste tilfelle kan sjukdomen kurerast ved å fjerne livmor og eggstokkar. Mange pasientar får òg fjerna lymfeknutar i bekkenet som del av behandlinga. Ca. 20 % får tilbakefall eller spreiing, som då vert behandla med stråling eller cellegift.

Nye biletmetodar avslører kreft tidlegare
Nye radiologiske biletmetodar kan avdekke eigenskapar ved kreftsvulstane som gjer det mogleg å identifisere dei mest aggressive sjukdomstilfella i forkant av operasjon. Desse nye metodane kan gje grunnlag for å tilby meir skreddarsydd pasientbehandling, der kvinner med høg risiko for tilbakefall får meir omfattande kirurgi og etterbehandling, medan kvinner med låg risiko unngår unødvendig omfattande behandling.
 I studiane er det gjort analyser av CT- og MR-bilete i forkant av operasjon med mål om å identifisere aggressive kreftformer, dvs. svulstar med invasiv vekst, lymfeknutespreiing og/eller tilbakefall i oppfølgingsperioden på ca. 5 år. Svulstvolumet er målsett på MR-bilete, og fysiologiske/biokjemiske eigenskapar ved svulstar er undersøkt i funksjonelle biletopptak. I tillegg er det gjort data-assisterte biletanalyser (teksturanalyse).

Skreddarsydd pasientbehandling
 Resultata tyder på at nye typar biletanalyser – både relativt enkle målingar utført av røntgenlege og meir avanserte, data-assisterte analyser – kan gje nyttige bidrag i risikovurderinga i forkant av operasjon for kvinner med livmorkreft. Dette vil òg kunne vere eit steg i retning av meir målretta og skreddarsydd behandling for pasientar med livmorkreft.

Om kandidaten
Personalia: Sigmund Ytre-Hauge (f 1978) er fødd i Bergen og oppvaksen på Sunnmøre. Han gjennomførte medisinsk embetseksamen ved UiB i 2004 og vart godkjend spesialist i radiologi i 2017. For tida arbeider han som overlege ved Radiologisk avdeling, Volda sjukehus. I perioden 2011-2015 arbeidde han som lege i spesialisering ved Haukeland Universitetssjukehus og frå 2015-2019 har han vore stipendiat med finansiering frå Helse Vest. Avhandlinga utgår frå Klinisk Institutt 1, Seksjon for radiologi, UiB.

Tidspunkt og stad for prøveforelesing: 11.12.19 kl. 10:15
Emne: «Imaging in endometrial cancer: why, how and when» 
Stad: Auditoriet, Armauer Hansens hus, Haukeland Universitetssjukehus

Tidspunkt og stad for disputas: 11.12.19 kl. 12:15
Stad: Auditoriet, Armauer Hansens hus, Haukeland Universitetssjukehus