Avspark for innføringsprosjektet

I dag startar Helseplattformen sitt innføringsprosjekt. Over 400 personar skal jobbe for å få ein smidig oppstart av den nye elektroniske journalløysinga for Midt-Norge.
HMR-tilsette deltek på oppstartssamlinga i Trondheim

Onsdag 21. august gjekk startskuddet for innføringa av Helseplattformen. Over 400 personar frå kommune- og spesialisthelsetenestene er deltek på oppstartssamlinga i Trondheim som markerer starten på ein ny fase av prosjektet som skal samle journalsystema i Midt-Norge.

HMR-tilsette under samlinga i Trondheim

Ny felles pasientjournal skal etter planen takast i bruk ved St. Olavs hospital, i Trondheim kommune og ved to fastlegekontor hausten 2021. Deretter følgjer dei andre helseføretaka i regionen og kommunane etter i rask rekkefølgje. Innbyggarane i Midt-Norge vil forhåpentlegvis få langt betre oversikt over eigen helse og behandling med den nye, digitale pasientportalen som også følgjer med løysinga.

– Det er fantastisk å settje i gang med denne delen av jobben. Det er mykje arbeid som ligg framfor oss, men vi er rusta til å lage ei god løysing saman, seier prosjektdirektør for Helseplattformen, Torbjørg Vanvik.

Tilpassar til midtnorske forhold

Dei neste to åra skal løysinga settjast opp og bli tilpassa til midtnorske standardar. Tilpassinga skal gjerast av tilsette frå det amerikanske IT-selskapet Epic i samarbeid med fagekspertar og løysingsbyggarar frå dei ulike fagmiljøa i regionen. 160 fagekspertar er tilsett på vegne av dei til saman  20 000 tilsett i helseføretaka, og i tillegg kjem tilsvarande roller for kommunane.

Det er avgjerande at innføringa skjer i tett samarbeid med klinikarar, seier Nils Kvernmo, adm.dir. i Helse Møre og Romsdal.

– Med Helseplattformen vil vi sikre pasientane våre enkel tilgang til eigen journal. Dei får betre sjølvbeteningsmoglegheiter og vil kunne kommunisere enklare med tilsette i helsetenestene. Ny pasientjournal vil også kunne bidra til å gje tilsette eit betre og meir effektivt arbeidsverktøy, seier Kvernmo.

Må sikre tillit til prosjektet

Dei som set opp løysinga er legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell frå sjukehus og kommunar. Samtidig har ekspertar på IT, sikkerhet og jus arbeidd med den tekniske løysinga, og ikkje minst den sikkerheitsmessige handteringa av helsedata.

Jan Ole Bolsø jobbar til dagleg som rådgivar i HMR med ansvar for opplæring av pasientar og pårørande i Helse Midt-Norge. Fram til 2022 skal han også jobbe i 40 prosent stilling som fagekspert med Helseplattformen. Han meiner involvering av tilsette, brukarar og pårørande blir særs viktig i innføringsprosjektet.

- Det er avgjerende at vi som tek del i utviklingsarbeidet er positive, har tru på løysinga og har tillit til at Epic har erfaring som er nyttig. Samtidig er det viktig at vi brukar tid og engasjerar oss i arbeidet og at vi vågar å utfordre og kome med nye forslag som kan sikre oss ein best mulig pasientjournal. God kommunikasjon i prosjektet er viktig for å lukkast, seier Bolsø.

Programmet eigast av Helse Midt-Norge og dei kommunane, fastlegar og privatpraktiserande spesialistane i Midt-Norge som vel å kjøpe løysinga. Samtlege kommunar i Midt-Norge er med på laget gjennom opsjonsavtalar, og fleire av dei har starta førebuingar med finansiell støtte frå Fylkesmannen.

Les meir om Helseplattformen