Ba om å få fødesaka til ny behandling første halvår 2020

Styret i Helse Møre og Romsdal stod samla bak vedtaket da dei i dag støtta konstituert adm. dir. Nils Kvernmo sin anbefaling for vidare handtering av arbeidet med å slå saman fødeavdelingane i Kristiansund og Molde.

Konstituert adm. dir. Nils Kvernmo la fram saka for styret

Dagens styrevedtak

1. Styret tek adm. dir. sin gjennomgang av påstandar om feil i faktagrunnlaget i styresak 26/19, til orientering.

2. Styret står fast ved tidlegare vedtak om samanslåing og lokalisering av felles fødeavdeling for Nordmøre og Romsdal.

3. Styret ber adm. dir. legge fram ei styresak i løpet av første halvår 2020 for å følgje opp vedtaket i sak 36/19 om tidsplan for samanslåing, og ei samla plan for funksjonsdeling mellom Molde og Kristiansund frem mot SNR.

Handtering av saka i styret

I styret sin gjennomgang av saka formidla fleire av styremedlemmane sin bekymring for kva prosessen i etterkant av styrevedtaket 27. mars har gjort med samarbeidet mellom fagmiljøa ved sjukehusa i Kristiansund og Molde. Fleire påpekte viktigheita av å sikre tiltak for å følgje opp dei tilsette i ein vanskeleg situasjon med stor usikkerheit rundt eigen arbeidssituasjon.

- Det vil bli ein formidabel utfordring å få fagmiljøa til å jobbe godt saman inn mot Sjukehuset Nordmøre og Romsdal står klart. Vi må ta på alvor den ulempa ei samling av fødeavdelingane til Molde vil få for jordmødre og legar som får lang reiseveg til sjukehuset i Molde. Eg er også oppteken av at føretaket ivaretek tilsette ved barneavdelinga i Kristiansund på ein god slik at vi bevarer eit robust miljø inn mot SNR, sa styremedlem Bjarne Storset.

Klinikksjef Henrik Erdal og styremedlem Bjarne Storset

Klinikksjef Henrik Erdal og styremedlem Bjarne Storset

Risikoreduserande tiltak

Styret var også oppteken av at administrasjonen har fokus på arbeidet med å få etablert risikoreduserande tiltak slik at desse er klare ved ei samanslåing av avdelingane. Her trakk fleire av styremedlemmane fram utfordringane med lang reiseveg og følgje- og beredskapstenester for gravide og fødande.

Bunadsgeriljaen med markering under styremøtet

 

Markering ved styremøtet

I vår har bunadsgeriljaen vore aktive med å fremme si sak om eit trygt fødetilbod for kvinnar i Norge. I forkant av dagens styremøte inviterte derfor styreleiar Ingve Theodorsen og konstituert adm. dir. Nils Kvernmo til eit møte med leiar av bunadsgeriljaen Anja Solvik og nestleiar Sylvia Bruseth der dei fekk fremma sitt syn i saka.

- Vi hadde eit godt og konstruktivt møte. Vi har det same målet om å sikre gravide og fødande eit trygt og godt fødetilbod, men vi har ulik oppfatning om korleis dette skal løysast. I det vidare arbeidet blir det viktig å sikre ein god dialog med alle som er involvert i saka, seier Kvernmo