Ba om ei ytterlagare utgreiing av traumesaka

Styret i Helse Møre og Romsdal ber om ei vidare utgreiing av korleis det framtidige traumesystemet i føretaket skal vere. Under møtet i dag uttrykte fleire styremedlemmar at dei ønskjer at nokre fleire forhold blir utgreidd.

​- Vi ber adm.dir. komme tilbake med ei breiare utgreiing der ein styrker avgjerdgrunnlaget med vurderingar knytt til m.a. fag, kompetansebehov, infrastruktur og økonomi, seier styreleiar Ingve Theodorsen.

Adm.dir. vil komme tilbake til styret med ein tidsplan for det vidare arbeidet.

Helikopter på oppdrag
Les saksgrunnlaget

Sjå presentasjon frå styremøtet