Behandling av nedkjølt kvinne ved Molde sjukehus

19. februar i år blei ei kvinne som var kraftig nedkjølt behandla ved Molde sjukehus. Hendinga har fått nasjonal merksemd, og i samråd med kvinna og dei pårørande ser Helse Møre og Romsdal behov for å opplyse om fakta i saka.

AMK blir varsla

Tysdag føremiddag 19.februar blei AMK-sentralen i Møre og Romsdal kontakta av ein innringar som hadde funne kvinna liggjande sterkt nedkjølt og bevisstlaus utanfor heimen sin i Molde. Ein ambulanse rykka ut og fekk raskt frakta kvinna til Molde Sjukehus.

Behandling ved sjukehuset

Ved sjukehuset blei kvinna møtt av eit akutt-team som er spesialtrena for å handtere alvorleg sjuke og kritisk skadde pasientar.

Kvinna hadde puls med bærande sirkulasjon og ein kroppstemperatur på 24 grader. I tråd med prosedyren tok lege ved Molde sjukehus kort tid etter innkomst kontakt med St. Olavs hospital i Trondheim for overflytting av pasienten og for å få rekvirert luftambulanse.

Kort tid etter og medan kvinna framleis låg til intensivbehandling i akuttmottaket ved Molde sjukehus, fekk ho hjertestans. Det blei straks sett i gong gjenoppliving. På bakgrunn av kvinna sin sjukdomshistorie vurderte legar ved St. Olavs hospital at ein overflytting av kvinna til dei ikkje ville bidra til å styrke kvinna si prognose. Dei avslo derfor å ta imot pasienten.

På bakgrunn av dette blei behandlinga av kvinna avslutta ved Molde sjukehus. Ein lege gjennomførte vanleg dødsdiagnostikk, samt ei ultralydundersøking av kvinna sitt hjerte som ikkje viste aktivitet. Kvinna blei erklært død og pårørande blei varsla via telefon.

Meldt til politiet

Ved unaturlige dødsfall skal politiet bli varsla, noko dei også blei i denne saka. Ein lege ved Molde sjukehus og politiet gjekk saman inn til kvinna som låg i eit rom i akuttmottaket. Dei oppdaga da at kvinna viste livsteikn og det blei starta intensivbehandling av kvinna.

Lege ved Molde sjukehus vurderte vidare i samråd med St. Olavs hospital at kvinna skulle bli verande i Molde til vidare oppvarming og behandling. Kvinna låg innlagt ved Molde Sjukehus fram til 8.mars da ho blei skriven ut frå sjukehus.

Meldt til Helsetilsynet

Lege ved Molde sjukehus meldte hendinga som eit avvik til Helsetilsynet 20. februar og dei gjorde sine undersøkingar i saka. I eit brev frå Helsetilsynet datert 22. februar står det:

«Statens helsetilsyn har vurdert at det ikke er nødvendig med videre tilsynsmessig oppfølging i saken, men den vil bli tatt med i vurderingsgrunnlaget i en annen pågående tilsynssak som gjelder liknende forhold».

Saka inngår altså som ein del av en anna tilsynssak som gjer at ho fremdeles er til behandling både internt i Helse Møre og Romsdal og i Helsetilsynet.

Vidare arbeid

Av omsyn til kvinna og dei pårørande har føretaket ikkje gått ut med detaljar om hendinga før no. Kvinna og dei pårørande har godkjent at helseføretaket går ut med informasjonen som kjem fram i denne meldinga, da dei ønskjer å bidra til at saka blir riktig opplyst.

For å sikre ein god oppfølging av hendinga og for å følgje opp tilsynssaka, så vil føretaket gje ei skriftleg tilbakemelding til Helsetilsynet. Helse Møre og Romsdal vil vidare samarbeide med St. Olavs hospital og Helse Midt-Norge for å gjennomgå prosedyrar og rutinar for handtering av nedkjølte pasientar slik at ein unngår slike hendingar i framtida.

Tek sjølvkritikk

- Helse Møre og Romsdal beklagar sterkt overfor kvinna og dei pårørande at ein stansa behandlinga og erklærte kvinna død før ho fekk den helsehjelpa situasjonen tilsa.

Teamet som behandla kvinna er erfarne og høgt kompetente legar som dessverre gjorde ein feilvurdering, og hendinga har gått tøft inn på tilsette ved sjukehuset.

Helseføretaket er glad for at kvinna overlevde og er i betring. Vi vil ta lærdom av saka og skal bruke vårt interne kvalitetssystem for å sikre at slike hendingar ikkje skjer ingen. Vi ber vidare om forståing for at vi ikkje kan gå meir i detalj om hendinga, da saka er ein del av ei større og pågåande tilsynssak. Helse Møre og Romsdal ber vidare om at media respekterer pårørande og kvinna sitt ønskje om ikkje å bli eksponert i media, seier Torstein Hole, fagdirektør i Helse Møre og Romsdal.

For meir informasjon, ta kontakt med:

Guri Viken, kommunikasjonsrådgivar i Helse Møre og Romsdal
Tlf.: 997 13 821, e-post: guri.viken@helse-mr.no