Ber adm. dir. om å fråtre stillinga

Styret i Helse Møre og Romsdal har i styremøte måndag 29. april vedtatt at dei vil løyse Espen Remme frå stillinga som administrerande direktør.

Frå styremøtet i Helse Møre og Romsdal 27. mars

- Helseføretaket må ha nødvendig økonomisk berekraft for å løyse dei faglege utfordringane vi står framfor, og for å kunne investere i nytt medisinskteknisk utstyr og vedlikehald av bygg og anlegg, seier styreleiar Ingve Theodorsen i Helse Møre og Romsdal.

Manglar økonomiske resultat

Styreleiaren trekk fram at det dei siste åra har vore eit aukande underskot i helseføretaket, og at definerte effektiviseringstiltak ikkje har gitt nødvendig økonomisk effekt.

- Styret vil takke Espen Remme for innsatsen og arbeidet han har lagt ned dei siste åra. Remme har vore ein pådrivar for at sjukehusa skal samarbeide om utvikling og forbetring av tenestene, og for dialog og medverknad internt og eksternt. Det gode arbeidet har imidlertid ikkje gitt dei økonomiske resultata helseføretaket treng, og styret meiner derfor det er riktig å løyse Remme frå arbeidsavtalen, seier Theodorsen.

Bilete frå styremøtet i HMR 27.mars

Helseføretaket har ikkje levert på dei økonomiske resultatkrava sidan fusjonen i 2011, og Remme erkjenner at føretaket ikkje har lukkast med nødvendig omstilling.

- Eg har vore førebudd på at styret måtte gjere grep når den ønskja utviklinga ikkje har kome. Det viktigaste for meg no er likevel å understreke at eg er svært stolt og imponert av våre tilsette som kvar einaste dag står på for å gje innbyggjarane våre eit godt tenestetilbod saman med kommunar og viktige samarbeidspartar, seier avgått adm. dir. Espen Remme.

Har leia krevjande omstillingsarbeid

Espen Remme blei tilsett som strategi- og utviklingssjef i januar 2012, og hadde ansvaret for utviklingsplanen og prosessen knytt til sjukehusstrukturen i føretaket fram til han blei tilsett som adm. dir. i september 2015. Som administrerande har Remme forsøkt å vektlegge utviklinga av ein felles kultur, og prioritert å legge til rette for fagleg utvikling og samarbeid på tvers av sjukehusa. Han meiner utviklinga av Ålesund og Volda sjukehus saman med det framtidsretta fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal er avgjerande for å sikre langsiktige gode spesialisthelsetenester.

- Eg har hatt det privilegium å vere direktør for ein fantastisk organisasjon, og vil takke tilsette, tillitsvalte og kommunane i fylket vårt for samarbeidet. Utviklinga av sjukehusa og spesialisthelsetenestene er eit viktig arbeid, og eg ønskjer framfor alt at Helse Møre og Romsdal skal lukkast i drift, omstilling og berekraft, avsluttar Remme.

Kvernmo blir konstituert adm. dir.

Stillinga som adm.dir. vil bli lyst ut så snart som mogleg. Fram til ny direktør er på plass vil direktør for eigarstyring i Helse Midt-Norge, Nils Kvernmo, vere konstituert adm. dir. i ein mellomperiode.

Espen Remme, Ingve Theodorsen og Nils Kvernmo

Espen Remme, Ingve Theodorsen og Nils Kvernmo

- Tiltaksarbeidet og omstillinga må halde fram som planlagt, og Kvernmo vil følgje opp dette framover, seier Theodorsen.

Espen Remme ønskjer ikkje å uttale seg noko meir utover denne pressemeldinga, og viser til styreleiar Ingve Theodorsen for meir informasjon.