Beredskapsøving på Molde sjukehus 7. november

Torsdag 7. november blir det gjennomført ei fullskala beredskapsøving på Molde sjukehus. Målsettinga er å øve på massetilstrøyming av pasientar samt handtering av ei CBRNE-hending.
Under øvinga blei dei fleste av pasientane behandla i eit telt utanfor sjukehuset før dei slapp inn i akuttmottaket


Øvinga pågår i perioden mellom kl 09.45 og 14, der store delar av sjukehuset deltek  med alt frå akuttmottak, intensiv og sengepostar til drift og eigedom.

Scenarioet vil vere ein situasjon som fører til både ei CBRNE-hending og ein massetilstrøyming av pasientar til Molde sjukehus. Med CBRNE meinar ein hendingar som har eitt eller flere av disse elementa i seg: (C)kjemisk/(B)biologisk/(R)radioaktiv/(N)nukleære/(E)eksplosiv.



– Vi arrangerer fullskalaøving ved eitt av sjukehusa i helseføretaket kvart år. No er det Molde sjukehus sin tur.  Dette gjer vi for å oppdatere planverket vårt og trene samhandlinga slik at vi er godt forberedt om ei større  ulykke skulle inntreffe, seier beredskapsleiar i Helse Møre og Romsdal, Hans Olav Ose.

Realistisk øving
For å gjere scenariet så realistisk som mogleg, har arrangørane henta inn legestudentar og sjukepleiarstudentar  som skal spele skada under øvinga.