Betydeleg reduksjon i ventetidar innan psykisk helsevern for barn og unge

- Dette skyldast intensiv jobbing og engasjerte tilsette, seier avdelingssjef Manuela Strauss i Helse Møre og Romsdal.

Avdelingssjef Manuela Strauss i Psykisk helsevern for barn og unge
Avdelingssjef Manuela Strauss i Psykisk helsevern for barn og unge

- Vi har fantastisk engasjerte tilsette som har jobba målretta for å få til  smidige pasientforløp. Samtidig har vi har hatt eit godt samarbeid med kommunale instansar slik at vi har fått rom til å behandle dei mest sjuke barna og ungdommane, seier avdelingssjef Manuela Strauss i Psykisk helsevern barn og unge.

Reduserte ventetida med 24 dagar

Den gjennomsnittlege ventetida for barn og unge innan psykisk helsevern er no i ferd med å stabilisere seg rundt målkravet på 40 dagar. Dette er ein betydeleg reduksjon på 24 dagar samanlikna med same periode i fjor.
 
Dei siste rapporteringane viser også at ein reduksjon i fristbrot frå 9,6 % til 2,3 % for same periode.

Mens tala peikar i riktig retning, ser Strauss utfordringar i tida framover.
 
- Oppgåvane vi skal løyse er som regel uhyre komplekse, og her snakkar vi om ei sårbar pasientgruppe kor ofte mange instansar er involvert. Vårt mål er å gi det beste faglege tilbodet, men vi, i likheit med fagmiljøa ellers i landet, ser at tilgangen til fagfolk og spesialistar representerer ei stor utfordring, seier Strauss.

Vil takke dei tilsette

I Helse Møre og Romsdal har Psykisk helsevern for barn og unge seks seksjonar lokalisert over heile fylket, med poliklinikkar i Kristiansund, Volda, Ålesund og Molde, samt døgnseksjon i Ålesund og familieeining på Knausensenteret i Molde, i tillegg til ambulant verksemd i kommunane.
 
- Våre tilsette går på jobb kvar dag og tilstreber heile tida å gi det beste behandlingstilbodet tll barn og unge. Eg har stor respekt for den fagetiske utfordringa som våre fagfolk møtar kvar einaste dag i møte med familiar kor vi ser at det er alltids noko meir vi kunne eller burde gjort. Men samtidig så veit vi at det er så mange som står utanfor som også treng hjelp. Dette er heilt klart tøft for dei som står tettast oppi situasjonen. Så eg vil takke dei for den jobben dei gjer kvar einaste dag, seier Strauss.