Det økonomiske resultatet for sommarmånadane er klart

Resultatet for sommaren blei som forventa i Helse Møre og Romsdal med eit negativt avvik på minus 2,8 mill. kroner for juni og minus 0,8 mill. kroner for juli. Årsprognosen er minus 88,2 mill. kroner og er uendra frå førre rapportering

Adm. dir. Nils Kvernmo
 

- Resultatet for juni og juli viser ikkje dei store avvika samla sett, men vi ser at den underliggande drifta er utfordrande. På kort sikt vil det vere for krevjande å kome ned på eit driftsnivå som gjer at vi greier resultatkravet for 2019 som er minus 32,2 mill. kroner. Vi jobbar no med fleire tiltak for å få redusert kostandane i drifta, seier adm. dir. Nils Kvernmo.

Statusrapporten frå juni og juli
Vedlegg til stausrapporten

Arbeid med omstillingstiltak

I første runde har Kvernmo fått i oppdrag å redusere kostnadsnivået tilsvarande 130 utbetalte årsverk. I løpet av juni og juli har alle dei sju klinikkane i tillegg til sentral stab arbeidd med å konkretisere tiltak for å redusere kostandar innafor si einig.

- Leiargruppa skal ha ein første gjennomgang av dei innkomne forslaga til tiltak 20. august og deretter vil vi sikre ein prosess med involvering og medverking frå tilsette før vi konkluderer, seier Kvernmo

Møte med føretakstillitsvalte

Alle omstillingstiltaka vil bli tema i fleire møte som er avtalt mellom adm. dir. og føretakstillitsvalte. Etter planen skal leiargruppa godkjenne forslaget til årsverkreduksjon 11. sep., men i forkant skal sakene innom dei lokale driftsråda ved sjukehusa slik at dei får gje sine tilbakemeldinger på kva konsekvensar tiltaka kan få for kvart enkelt sjukehus.

- Vi må gjere ei samla vurdering av forslaga, slik at dette ikkje berre blir enkeltvise tiltak. Mange forslag må sjåast i ein samanheng før vi konkluderer og det blir viktig å sikre ein heilskap i tiltaka vi skal gjennomføre, seier Kvernmo 

Fordeling av reduksjon

Kravet til omstilling er fordelt etter kor stor del einingane har av det samla underskotet, og kva utsikter ein har for å nå resultatet for 2019. Det er ikkje eit krav at reduksjonen må vere faste stillingar, men ein reduksjon i tal årsverk. Forslaga må vere mogleg å kontrollere og ha ein effekt på økonomien.

- Vi har opna for at dersom det kjem andre forslag som er klokare å gjennomføre, så vil vi også vurdere dei, avsluttar Kvernmo.

Økonomisk effekt

Ein forventar økonomisk effekt for nokre av tiltaka frå sep./ okt., men truleg også seinare for nokon av tiltaka. Om tiltaka får effekt frå oktober er kostnadsreduksjonen berekna til om lag 20 mill. kroner i 2019 og 85 mill. kroner i heilårseffekt. Styret i Helse Møre og Romsdal får ei orientering i styremøtet 25. september om korleis kostnadsreduksjonen er tenkt gjennomført.

Skisse til tidsplan med tentative datoar som kan bli justert.

​Dato​Aktivitet
​18.juni – 10. sep. ​Diskusjon årsverksreduksjon, konsekvensvurdering og involvering av i organisasjonen, inkludert driftsråda
​13. aug.​Møte med føretakstillitsvalde
​20. aug.​Diskusjon og sak om omstilling i leiargruppa
​22. aug.​Møte med føretakstillitsvalde
​27. aug.​Vidare arbeid med omstilling og oppfølging i leiargruppa
​28. aug.​Møte med føretakstillitsvalde
​3. sep.​Vidare arbeid med omstilling og oppfølging i leiargruppa
​10. sep.​Møte med føretakstillitsvalde  
​10.-11. sep.​Avgjerdgrunnlag til godkjenning i leiargruppa, inkludert plan for gjennomføring og avbøtande tiltak
​13. sep.​Møte med føretakstillitsvalde
​23. sep.​Møte i brukarutvalet
23. sep.​​Formelt drøftingsmøte med føretakstillitsvalte
​25. sep.​Styremøte i HMR

Bakgrunn

For å løyse den økonomiske utfordringa for Helse Møre og Romsdal i 2019, blei det vedtatt å setje i gang ni prosjekt på ulike område:

1. Reduksjon av meirtid til 2015 nivå
2. Tilpassing av sengekapasitet med meir effektiv og kortare liggetid
3. Endring av tilbodet innan spesialisert rehabilitering
4. Tilpassing av døgntilbodet innan psykisk helsevern og rus
5. Samling av fødetilbodet
6. Tilpassing av prehospital- og intensivtilbodet
7. Outsourcing av støttetenester
8. Produktivitetsauke innan operativ verksemd
9. Effektivisering av arbeidsprosessar gjennom digitale løysingar


Det økonomiske omstillingsbehovet for føretaket var 200 mill. kroner i 2019. Gjennomføring av dei ni prosjekta skulle gje effekt på til saman 137,7 mill. kroner i 2019. Fleire av tiltaka har vist seg å få låg eller ingen økonomisk effekt inneverande år og fleire av tiltaka er av strukturell karakter som medfører omfattande prosessar som krev god dialog med kommunar, brukarar og tilsette.

Det har vore komplekst å køyre mange prosjekt parallelt, noko som har ført til at framdrifta på dei tiltaka som ikkje handlar om strukturelle tiltak har vore for låg. På bakgrunn av dette blei det i styremøte 12. juni lagt fram ei sak der det er lagt auka vekt på tiltak som skal gi rask effekt og som skal medføre ein reell kostnadsreduksjon. 25. september vil adm. dir. orientere om status i arbeidet for å sikre økonomisk reduksjon tilsvarande 130 årsverk inneverande år.