Dialogmøte mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF

15. november vert det nytt dialogmøte mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF. Dialogmøtet vert arrangert på Scandic Parken i Ålesund.

Dialogmøte mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF             Illustrasjon: Colurbox

​Fullstendig program er det vanskeleg å sette opp enno, men det er fleire store og viktige saker. Reforhandling av samhandlingsavtalen, omstillingsarbeidet i Helse Møre og Romsdal HF og Helseplattformen vil stå sentralt. Eit meir detaljert program kjem seinare.

Dialogmøte er eit forum der representantar for politisk og administrativ leiing i helseføretaket og kommunane møtes for informasjonsutveksling og drøfting av prinsipielle saker. Styreleiar, administrerande direktør og fagdirektør frå helseføretaket deltar saman med relevant fagpersonell i helseføretaket. Ordførarar og rådmenn deltar saman med relevant fagpersonell i kommunane. Representant frå KS i Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Møre og Romsdal blir invitert. Brukarutvalet vert og invitert.

Leiarane for dei lokale samhandlingsutvala samt utdanningsinstitusjonane i Møre og Romsdal blir også invitert.

Påmelding:

https://www.deltager.no/dialogmote_mellom_kommunene_i_mr_og_hmr_hf_15112019