Direktemeldingar gir betre samhandling mellom sjukehus og fastlegar

På 6 månader har det gått 9000 digitale førespurnader mellom Helse Møre og Romsdal og fastlegane. Det har gitt ein ny kanal for rask og sikker dialog mellom helsepersonell i fylket.

Ein ny kanal for digital dialog mellom helsepersonell i kommunane og sjukehusa i Møre og Romsdal er tatt i bruk. Fagdirektør i Helse Møre og Romsdal Torstein Hole er overtydd om at dette gir betre samhandling knytt til enkeltpasientar.
-Mykje tid og fokus går tapt når vi må bruke telefon. No får vi desse nødvendige avklaringane over til digital form. Når det er lett å sende ei melding og få svar etter ein til to dagar, så får vi langt fleire avklaringar, seier Hole.

Internt i sjukehusa blir denne meldingstenesta kalla Beidis - Behandlar i digital samhandling. Fastlegane har i fleire år brukt slike dialogmeldingar i kommunikasjon med dei andre kommunale helsetenestane og Nav. For mange sjukehuslegar er dette ein ny måte å kommunisere på.

Hole er overtydd om at i tillegg til betra kvalitet og pasienttryggleik, så får ein betre utnytting av tida ved færre avbrot i pasientarbeidet. Behandlarar i sjukehusa kan svare ut dialogmeldingane når dei har tid slik som fastlegane er vande med å gjere. Han presiserer at dette ikkje skal vere ei ny oppgåve, men ei erstatning for ein del av telefonkonsultasjonane.
- Det som hastar må alltid bli tatt via telefon, gjerne i kombinasjon med dialogmelding, seier Hole.

Kort og konsist
Prinsippet er at meldingane går frå journal til journal. Slik vert alt direkte dokumentert. Dialogmeldingane er godt eigna til konkret og kortfatta helseinformasjon som skal delast mellom behandlarar. Det kan vere anoreksipasienten med oppfølging av vekt kvar veke, ruspasienten som gir urinprøver til rusprøver, eller nyrelegen som ønsker eit svar på 24 timars blodtrykksmåling.

Det er fortsatt slik at det skal vere fysiske samarbeidsmøte der sjukehuslege ønsker felles konsultasjon med fastlege og pasient. Då kan dialogmeldingane brukast for å avtale tid og stad.

Riktig behandling på rett stad
- Det er enkelt, presist og tidssparande, og akkurat det vi fastlegar er ute etter. I dag går det dagleg 65 slike meldingar i fylket vårt. Dette er viktige og presise avklaringar og svar på viktige spørsmål knytt til behandling, seier Stian Endresen som er tilsett i Helse Møre og Romsdal som leiar for praksiskonsulentordninga (PKO) og som leiar for Møre og Romsdal behandlarfagråd.
Endresen utdjupar at meldingane er spesielt godt eigna for kommunikasjon rundt dei multisjuke pasientane som har hyppige kontakt på begge behandlingsnivå. Med god fagleg støtte frå sjukehuset kan fastlegen følge opp behandlinga og redusere behov for reising og frammøte på poliklinikken.

Alle må med
Fleire av avtalespesialistane i somatikk er i gang med å bruke dialogmeldingar til kommunikasjon til både sjukehuslegane og fastlegane. Som PKO-leiar håpar Endresen at også psykologane med avtaleheimlar vil knytte seg på denne måten å kommunisere på. I kommunen kan dialogmeldingane også nyttast av andre sjølvstendige behandlarar, slik som for eksempel helsesjukepleiarar, jordmødrer og kommunepsykologar.

Prosjektleiar Asbjørn Kjelsvik trur at heile heile 24.000 meldingar blir sendt i 2020.


Aukande volum
På eit lite halvår har dialogmeldingane vist seg å verte ein suksess. Etter ein litt forsiktig start sommaren 2019 har det auka jamt. Prosjektleiar Asbjørn Kjelsvik sette eit ambisiøst mål på 7000 meldingar innan nyttår 2019. Det talet vart nådd 21. oktober og med same frekvens som i oktober vil heile 24.000 meldingar verte sendt i 2020.
- Det er relativt liten skilnad på kor mange meldingar som blir sendt frå fastlege og frå sjukehus fortel Kjelsvik, og legg til at det viser at dette er viktig for både behandlarar i sjukehus og fastlegar.