Diskuterer omstillingstiltak med tillitsvalte

Fredag diskuterer leiinga i helseføretaket forslaga til omstillingstiltak med føretakstillitsvalte i HMR. Framleis står det igjen nokre tiltak før føretaket er i mål med årsverkreduksjonen.

I juni 2019 sette styret i Helse Møre og Romsdal eit krav til føretaket om å finne kostnadsreduserande tiltak tilsvarande 130 årsverk, med effekt så snart som mogleg og innanfor eksisterande strukturar. 10.- og 11.september var leiargruppa samla for å gå gjennom og behandle forslaga som no blir lagt fram for føretakstillitsvalde.


- Det har vore eit stort oppdrag med kort tidsfrist, og klinikkane har hatt ulike måtar å løyse oppgåva på. Nokre har basert tiltaka på betre utjamning av variasjon, medan andre har til dømes lagt til grunn eit dugnadsprinsipp. Det har vore arbeidd veldig godt på alle nivå for å finne tiltak, og eg har tru på at vi skal finne løysingar, seier konst. adm. dir. Nils Kvernmo og understrekar at god økonomi er ein av føresetnadane for å kunne gi god pasientbehandling.

Profil på tiltaka

Ein reduksjon i kostnader tilsvarande 130 årsverk utgjer om lag 85. mill. kr på årsbasis. Tiltaka som no er foreslått utgjer til saman om lag 63. mill. kr i heilårseffekt, og helseføretaket arbeider vidare for å konkretisere siste del av utfordringa.

Klinikkar og stab har i hovudsak meldt inn mange mindre tiltak som betyr ei omfordeling og effektivisering av arbeidsoppgåver og tilpassing av bemanning. Som til dømes avvikling av vikariat, reduksjon av innleie i vakante stillingar, naturleg avgang i form av at tilsette slutter, etc. Det har vore ei forventning om god involvering at tilsette til tross for korte tidsfristar, og føretaket har arbeidd for å unngå oppseiingar. Konkrete tiltak er fordelt ut i organisasjonen der dei skal gjennomførast og med ansvarleg leiar, og innsparingseffekt er forventa frå hausten 2019 og seinast 1. januar 2020.

Gjennomgår alle forslag til kostnadsreduksjon

Utdrag av nokre av tiltaka (tal årsverk er netto tal)

Klinikk for diagnostikk

Klinikken har totalt 348,4 årsverk og skal redusere kostnader tilsvarande 7,3 årsverk. Klinikken er i mål med kravet. Klinikken har lagt inn auka aktivitet for å møte eit større behov i mengde og hurtigheit for diagnostikk og lab-tenester. Auken er viktig for at andre klinikkar skal klare eigne omstillingstiltak. Klinikken vil mellom anna auke aktiviteten innan radiologi i Ålesund og Volda, og auke effektiviteten på brukstid på apparat som måler beintettheit. Klinikken vel også å halde stillingar vakante i samband med at tilsette er engasjert for å arbeide med Helseplattformen.

Klinikk for drift og eigedom

Klinikken har totalt 275,6 årsverk og skal redusere kostnader tilsvarande 4,5 årsverk. Klinikken er i mål med kravet. Ein planlegg å ta ned delar av ei stilling innan logistikk og forsyning i Volda og ei stilling innan kjøkken/kantine i Kristiansund. Det er også inngått ny postavtale som gir ei innsparing på over 1 mill. kr. i årseffekt. Også på andre område vil avtalar med ulike leverandørar bli gjennomgått for om mogleg å redusere kostnader ytterlegare.

Klinikk for medisin og rehabilitering

Klinikken har totalt 815,4 årsverk og skal redusere kostnader tilsvarande 20,5 årsverk. Klinikken har eit høgt volum på tiltak fordelt på alle fire sjukehus. Eit av forslaga er ein reduksjon av 0,9 årsverk knytt til hjarterehabiliteringa i Ålesund, der ein planlegg å ha tilbodet på same nivå som St. Olavs hospital og andre sjukehus. Ein har også tiltak på mellom anna endring i tenesteplan og reduksjon i utvida teneste/arbeidstid for legar, i tillegg til reduksjon av overtid og lønn i samband med sengepostprosjektet. Nokre av tiltaka er ikkje endeleg avklart, men klinikken er nesten i mål.

Klinikk for psykisk helse og rus

Klinikken har totalt 776,5 årsverk og skal redusere kostnader tilsvarande 18,1 årsverk.
Klinikken har mange enkelttiltak, og ein stor del blir tatt i sentrale stab- og støttefunksjonar ute i klinikken. Det er lagt opp til ein reduksjon i kostnader på DPS Knausen og DPS Nordlandet. Bakgrunnen for dette er å utjamne variasjon i liggetid i fylket. Sjukehuspsykiatrien har eit krav om å redusere med om lag seks årsverk. To årsverk blir redusert på Hjelset og fire årsverk i Ålesund. Klinikken er ikkje heilt i mål med tiltaka.

Klinikk for kirurgi

Klinikken har 527,1 årsverk og skal redusere kostnader tilsvarande 28,3 årsverk.
Per i dag har klinikken skissert ni tiltak. Klinikken har mellom anna lagt til grunn at ein skal samanlikne faktorar som liggetid og beleggsprosent ved dei ulike sjukehusa for å jamne ut forskjellar. Det er slått saman sengepostar i Kristiansund som skal bidra til å redusere lønsutgifter. I Ålesund og Molde er det starta opp eit arbeid for å redusere talet på senger, men tiltaket er ikkje klart i omfang og er ikkje kostnadsberekna. Klinikken gjer også endring i tenesteplan og reduksjon i utvida teneste/arbeidstid for legar. Klinikken er ikkje i mål med tiltaka.

Klinikk for akuttbehandling

Klinikken har totalt 911,2 årsverk og skal redusere kostnader tilsvarande 31,4 årsverk. I arbeidet med tiltak har klinikken i hovudsak sett på variasjonar i aktivitet knytt til ressursbruk. Klinikken arbeider til dømes med å auke aktiviteten på operasjonsstovene og der det er venta størst effekt i Ålesund. Klinikken har lagt inn ein kostnadsreduksjon innan prehospitale tenester, akuttmottak og intensiv i Molde og intensiv i Kristiansund. I tillegg er det planlagt å ta ned eit årsverk på ambulanseflyet og 1,5 årsverk anestesilegeressurs Kristiansund og 0,5 legeressurs i Volda. Klinikken er ikkje i mål med tiltaka.

Klinikk for kvinner, barn og ungdom

Klinikken har totalt 435,1 årsverk og skal redusere kostnader tilsvarande 13,5 årsverk.
Klinikken har mange tiltak og ein har søkt å skjerme psykisk helsevern i størst mogleg grad, i tråd med den gyldne regel. Tiltaka som er foreslått i klinikken har ulikt omfang og er jamt fordelt i fylket. Til saman har ein tiltak for 9,3 årsverk. I tillegg vil andre tiltak gi redusert kostnad og auka inntekter i klinikken. Klinikken er ikkje heilt i mål med tiltaka.

Sentral stab

Staben har totalt 125,7 årsverk og skal redusere kostnader tilsvarande 6,4 årsverk. I samband med innføringsprosjektet av Helseplattformen i Helse Møre og Romsdal, vil staben avsjå ressursar til prosjektet som bidrag til å redusere talet på årsverk. Kravet om reduksjon av kostnader er fordelt mellom økonomi, HR og fag og ein er i mål med tiltaka.

Prosess og tidsplan

Tiltak som no ligg klar, blir drøfta med føretakstillitsvalde fredag 13. september, før adm. dir. tek ei avgjerd i neste veke. Klinikkar som ikkje har innfridd kravet til kostnadsreduksjon, har frist til neste veke med å leggje fram tiltak for det resterande. Nye tiltak som kjem opp i samband med dette arbeidet vil bli drøfta med tillitsvalde.
Enkelttiltaka skal også vurderast for moglege konsekvensar, og der ein ser dei dei kan få vesentlege konsekvensar for t.d. kommunane, så skal føretaket sikre at dei blir involvert så tidleg som mogleg.
Styret i HMR vil bli orientert om arbeidet i møtet den 25. september.

Kvifor omstilling

Å ha kontroll på økonomien er ein føresetnad for å kunne gi god pasientbehandling i dag og i framtida. Over mange år har helseføretaket brukt meir pengar enn inntektene gir grunnlag for. Lønn utgjer nesten 70 prosent av kostnadene. Sidan ein så stor del av midlane går til lønn har helseføretaket  skyvd på oppgraderingar, investering i medisinsk teknisk utstyr og vedlikehald av bygg. Trass i mange forsøk på å styre kostnadsutviklinga, er trenden at lønskostnadane har auka dei siste åra.