Fekk forskingsprisen frå brukarutvalet

Overlege Rune Aakvik Pedersen ved Aure rehabiliteringssenter i Helse Møre og Romsdal fekk Helse Midt-Norge sin forskingspris under den nylege forskingskonferansen i Kristiansund.

Frå kunngjeringa av prisen

Overlege Rune Aakvik Pedersen (venstre) var med på priskunngjeringa via videosamtale frå Cambridge under Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019 i Kristiansund. Her får han prisen frå Snorre Ness (midten), leiar for Regionalt brukarutvalg for Helse Midt-Norge. Christer Jensen (høgre), innovasjonsrådgjevar ved Helse Møre og Romsdal, sørga for videosamtalen.

Pedersen fekk forskingsprisen for 2018 for forsking som gir betre kunnskap om samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenestene i behandling og oppfølging av pasientar som har hatt hjerneslag.

Prosjektet heiter «Oppfølging av pasienter med hjerneslag i allmennpraksis», og har undersøkt korleis hjerneslagpasientar blir følgt opp i primærhelsetenesta. Pasientane har blitt identifiserte på sjukehus og deretter følgt vidare i allmennpraksis.

Forskinga er mellom anna publisert i denne artikkelen i tidsskriftet BMC Family Practice.

– Arbeidet til Pedersen set søkelys på samhandling og overgangar mellom spesialist- og primærhelseteneste. Det legg også vekt på oppfølging av behandlingsmål som er anbefalt i nasjonale retningsliner for behandling og rehabilitering, sa Snorre Ness, leiaren for det regionale brukarutvalet.

Audmjuk og inspirert
I grunngjevinga har utvalet også lagt vekt på at arbeidet gir merksemd til ei gruppe pasientar som er sterkt avhengige av oppfølging og mestring og prioriterer registrering av pasientane si eiga oppleving etter behandling.

Prisvinnaren var i Cambridge, men tok del i kunngjeringa via videosamtale.

– Tusen takk for prisen! At den kjem frå brukarane som det heile handlar om, gjer at eg  no kjenner på stor audmjuke og sterk inspirasjon for det vidare arbeidet, sa Pedersen til stor applaus frå salen.

Den 15. i rekka
 Det regionale brukarutvalet har ansvar for å utlyse, vurdere, velje ut og tildele Forskingsprisen i Helse Midt-Norge. Prisen er initiert av styret i Helse Midt-Norge RHF, etter anbefaling frå det regionale Samarbeidsorganet.

Prisen kan gå til ein enkeltperson eller ei ei forskargruppe innan alle relevante fag, og til tverrfaglige miljø. Prisen blir delt ut éin gong i året. Prisen blei første gong delt ut i 2004, og det gjer tildelinga for 2018 til den 15. i rekka. Forslag til vinnarkandidatar kjem inn frå dei ulike helseføretaka i regionen.

Regionalt brukarutval er eit rådgjevande organ med 10 medlemmar valt av styret i Helse Midt-Norge RHF. Medlemmene er tilknytt og foreslått av brukarorganisasjonar og skal representere pasientar og pårørande.

Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019 blei arrangert av Helse Møre og Romsdal.