Fekk Kreftforskingsprisen

Tre legar frå Helse Møre og Romsdal er med i brystkreftgruppa som fekk Kong Olav Vs kreftforskingspris 2019 frå Kreftforeningen.

NBCG mottar Kong Olav Vs kreftforskningspris

Norwegian Breast Cancer Group tek imot Kong Olav Vs kreftforskingspris. Frå venstre: Anne Lise Ryel, H.M. Kong Harald, Bjørn Naume, Ellen Schlichting, Erik Wist, Turid Aas og Gunn-Elin Bjørneboe. (Foto: Linda Næsfeldt)

Kreftforeningen deler ut prisen til forskarar som har utmerka seg ved å vere med på å auke kvaliteten og omfanget på den norske kreftforskinga.

I år var det to separate prismottakarar: professor Anne Simonsen ved Universitetet i Oslo og Norsk brystcancergruppe (NBCG), som er eit forskingsmiljø med 30 legar og forskarar frå heile landet, oppnemnd av Helsedirektoratet. Gruppa får prisen for å ha jobba for betre brystkreftbehandling i over 30 år.

Tre av medlemmene jobbar ved Helse Møre og Romsdal. Det er Torunn Kursetgjerde ved Kreftavdelinga i Ålesund, Sverrir Olafsson ved Kirurgisk avdeling i  Ålesund og Solveig Roth Hoff ved Radiologisk avdeling i Ålesund.

Solveig Roth Hoff

– Det er ei stor ære å få tildelt denne prisen, seier Solveig Roth Hoff, som er med i Norsk brystcancergruppe. Her står ho utanfor Gamle festsal ved Universitetet i Oslo etter prisutdelinga. (Foto: Privat)

– Gruppa har gjort ein stor innsats over lang tid, og dette motiverer til fortsatt innsats for å halde diagnostikk og behandling av brystkreft på eit høgt nivå i Noreg, seier Hoff, som deltok på prisutdelinga saman med Olafsson.

Éin million kroner

Generalsekretær Anne Lise Ryel i Kreftforeningen seier at NBCG får prisen for den store, positive innverknaden gruppa har hatt for tidlegare og komande brystkreftpasientar i Noreg, følge forsking.no

Det er første gong eit heilt fagmiljø tek imot prisen. NBCG er involvert i store brystkreftstudiar både nasjonalt og internasjonalt, og utviklar nasjonale retningsliner for brystkreftbehandling i Noreg. 

Sverrir Olafsson og Bjørn Naume

Sverrir Olafsson og Bjørn Naume som er leiar i NBCG. (Foto: Solveig Roth Hoff)

– Arbeidet har utan tvil hatt stor verdi for brystkreftpasientane. I framtida vil gruppa halde fram med å jobbe for betre behandling av dei som blir ramma av brystkreft, skriv Kreftforeningen på sine nettsider

Dei to vinnarane får éin million kroner kvar, og prisen blei overrekt av H.M. Kong Harald før påske, på vegne av Kreftforeningen. 

Den andre prisvinnaren, Anne Simonsen, har fokusert på cellebiologisk grunnforsking, og spesialisert seg på korleis kreft oppstår. 

– Dette er ein pris som skal heidre innsatsen til ein framifrå forskar eller eit framifrå forskarmiljø. Den skal også stimulere til vidare innsats. Det er grunn til å ha håp for framtida. Eg gler meg til alle oppdagingane som ligg framfor oss, sa generalsekretær Ryel under utdelinga som fann stad i Gamle festsal ved Universitetet i Oslo tysdag 9. april. 

Om prisutdelinga på Kongehuset sine nettsider