Fødesaka til ny styrebehandling

15. mai vil adm. dir. Espen Remme legge fram ei ny sak for styret i Helse Møre og Romsdal der han ber om å utsetje tidspunktet for ei samling av fødetilbodet i Nordmøre og Romsdal.


- I lys av situasjonen som har utvikla seg i etterkant av vedtaket den 27. mars ser eg at det er nødvendig å bruke meir tid før vi samlar fødeavdelingane i Molde og Kristiansund. Til styremøte 15. mai vil vi førebu ein gjennomgang der vi også svarer ut spørsmål som har komme i etterkant av styrevedtaket, seier Remme.

Remme held fram at ei samling av fødetilbodet er avgjerande for å styrke tilbodet i framtida og inn mot Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Fødeavdelingane både i Kristiansund og Molde har over mange år hatt ei drift prega av utfordringar med rekruttering og stabilitet i lege- og jordmorgruppa. Det har gitt slitasje på nøkkelpersonell, og har medført uønskt variasjon i kvaliteten på tenestene.

Variasjon i tilbodet

Det har til tider vore vanskeleg å innfri kvalitetskrava i Eit trygt fødetilbod og dei offentlege opne kvalitetstala viser ein uønskt variasjon. Ved å samle fagmiljøa vil ein sikre ein god og varig kontroll over tilbodet og vil styrke fagmiljøet, kvaliteten og fagutviklinga inn mot Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, seier Espen Remme.

Einigheit om fødesamling

Ei samanslåing av fødeavdelingane er vedteke i utviklingsplanen for HMR og fagmiljøa ved dei to sjukehusa har i hovudsak lenge støtta ei samanslåing, men dei har ulike syn på kor ei slik samlokalisering bør vere og kva tid den bør gjerast i forhold til innflyttingstidspunktet i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.


- I samband med fødeprosjektet var det avgjerande å sikre at prosessen i forkant av styrebehandlinga blei god og at styresaka var godt greidd ut. Det er ingen enkeltfaktor, men ei heilheitleg vurdering av mange faktorar som ligg til grunn for tilrådinga om å legge tilbodet til Molde, seier Remme.


Dette støttar seg på fleire forhold som interne kvalitetstal, avhengighet til andre fagområde og rekruttering og stabilitet i fagmiljøet dei siste åra. Driftsmodellen som gir lågast risiko og minst behov for avbøtande tiltak, og som har vore prøvd ut gjennom 16 år med sommarstengingar, er modellen der ein samlar alt døgntilbod innan føde, barsel og gynekologi ved et sjukehus, medan poliklinisk og dagkirurgisk tilbod held fram som før ved begge sjukehusa.


- Grunnlaget for ei fødesamanslåing ligg fast, men vi ser at vi må utsetje tidspunktet for ei samanslåing. 27. mars vedtok styret ei samling 19. august i år, men eg vil komme med ei ny tilråding om tidspunkt i styresaka som kjem til behandling i mai, seier Remme.