Foreslår å utsette samanslåing av fødeavdelingane

Adm. dir Espen Remme vil foreslå for styret 15. mai at ein utsett gjennomføringa av samanslåinga.

I lys av situasjonen som har utvikla seg i etterkant av vedtaket den 27. mars om samanslåing av fødeavdelingane i Kristiansund og Molde, vil adm.dir. foreslå for styret at ein bør utsette tidspunktet for gjennomføring av vedtaket.

- Vedtaket om å gjennomføre ei samanslåing av fødeavdelingane i god tid før innflytting i nytt sjukehus på Hjelset står framleis fast. I lys av situasjonen som har utvikla seg så er mi vurdering at helseføretaket bør skyve på tidspunktet fordi det kan verke inn på vår samla evne til å levere forsvarlege helsetenester til befolkninga, seier adm.dir. Espen Remme

Grunnlaget i saksutgreiinga ligg framleis fast, men adm.dir vil foreslå ei utsetting av gjennomføringa i tid, til eit tidspunkt som er nærare innflytting i SNR. Forslaget vil bli fremma i neste styremøte 15. mai.

Det opphavlege forslaget var å slå saman fødeavdelingane 31. august. Les meir her.