Foreslår ein kostnadsreduksjon tilsvarande 130 årsverk

- Vi må få kontroll på økonomien på kort sikt, seier konstituert adm.dir Nils Kvernmo.

Konstituert adm.dir Nils Kvernmo

​I styresaken som blir lagt fram den 12. juni er det skissert ein kostnadsreduksjon tilsvarande 130 årsverk for å få kontroll på økonomien på kort sikt.

- Omstillingsprosjekta vi arbeider med er fornuftig utviklingsarbeid og noko vi skal gå vidare med. Men dei er komplekse og gir ikkje nok effekt på kort sikt, seier Kvernmo og legg til:

- Vi vil så langt som mogleg unngå oppseiingar, men kan ikkje utelukke det. Prosessane skal gjennomførast i samråd med dei tilsette og deira tillitsvalde, og desse må bli involvert i planlegginga og gjennomføringa, seier han.

Les styresaka her.

Brukar for mykje på løn

Helseføretaket har sidan samanslåinga i 2011 gått med store underskot. Ut frå situasjonen per i dag er det anslått ei samla prognose for helseføretaket på -100 mill. kronar i 2019, noko som er 56 mill. kronar dårlegare enn budsjettkravet ved utgangen av 2019.

- Helse Møre og Romsdal må ha ein økonomi som gjer det mogleg å oppretthalde god drift, sikre nødvendige investeringar i medisinsk-teknisk utstyr slik at ein kan gi best mogleg pasientbehandling. Slik situasjonen er no brukar vi for mykje på løn og for lite på utstyr, seier Kvernmo.

Fordelinga av kostnadsreduksjonen er fordelt ut på den enkelte klinikk basert på ein prosentandel av lønskostnadar og prosentdel av den negative prognosa for klinikken.

Skal vere klart før sommaren

Kvernmo ønsker også å redusere prosentvis meir innan sentral stab enn i klinikkane, slik at det vil bli lagt eit dobbelt krav på sentral stab ut frå fordelinga etter lønsmidlar.

Den auka effektiviseringa i sentral stab skal redusere belastninga omstillinga får for Klinikk for psykisk helse og rus, og for barne- og ungdomspsykiatrien i Klinikk for kvinner, barn og ungdom.

Arbeidet med planen for kostnadsreduksjon skal startast snarast, og før sommarferien må alle tiltaka vere spesifisert. Gjennomføringsplanen skal innehalde detaljerte tiltak og prosess for gjennomføring av reduksjon i årsverk og eventuelle andre tiltak.

I planen vil det også bli satt ein dato for sluttføring av kvart enkelt tiltak og aktuelle milepælar. Planen for kostnadsreduksjon skal konsekvensvurderast, og styret vil bli orientert gjennom dei ordinære statusrapportane.