Først i Norge med digitalt pasientklagesystem

Ei digital løysing for å handtere klager gjer det no enklare å gje tilbakemeldingar for pasientar og pårørande. Helse Møre og Romsdal er det første helseføretaket i Norge som standardiserer og digitaliserer handteringa av pasientklager.

Dei siste to åra har Helse Møre og Romsdal arbeidd med å gjere det enklare for pasientane å klage på helsetenester, og samtidig systematisere informasjonen i klagene for å nytte dei til å betre tenestetilbodet.
 - Vi har samarbeidd både med Brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal, og Pasient- og brukarombodet for å forenkle tilgangen på å klage og styrkje den interne saksbehandlinga. Løysinga vi no har lansert vil sikre raskare tilbakemeldingar til dei som klagar, og ikkje minst får vi betre informasjon som vi skal nytte til læring, seier kvalitetsrådgivar Unni Irene Arnestad og kvalitetsrådgivar helsetenesteutvikling Randi Spjelkavik.

(F.v.) Bodil Haugen Våge, Unni Irene Arnestad og Randi Spjelkavik har arbeid i fleire år med det nye pasientklagesystemet. Dei seier at å arbeide med digital tenesteinnovasjon ofte er ein balansekunst mellom teknologi og prosess i organisasjonen.

 Den nye løysinga inneber at pasientane kan sende klage via eit digitalt skjema på internettsida til Helse Møre og Romsdal. Skjemaet er utvikla i Altinn og pasientar / pårørande nyttar til dømes MinID eller BankID som gir ein sikker måte å sende klage på. Etter skjemaet er sendt inn går det ei melding til koordinator for klagesaker som følgjer opp klagen.

 - Læring og kontinuerleg betring er eit strategisk satsingsområde for helseføretaket. Å få prosedyrar og hjelpeverktøy som sikrar best mogleg lik behandling av alle pasientklager er viktig for brukerane sin oppleving av å bli vist respekt og tekne vare på, utdjupar opplæringsleiar Bodil Haugen Våge.

Lenke til pasientklageskjemaet