Gjennomgår alle forslag til kostnadsreduksjon

Klinikkar og stabsavdelingar i Helse Møre og Romsdal jobbar med korleis dei skal ta ned kostnadar og tal årsverk innanfor si eining.
-Eg veit at oppgåva er vanskeleg, men eg oppfattar at det er eit godt samarbeid mellom tilsette, leiarar og tillitsvalde for å finne dei beste løysingane for pasientane og helseføretaket, seier konstituert adm. dir. Nils Kvernmo.

​Helse Møre og Romsdal har om lag 6500 tilsette fordelt på rundt 4 800 årsverk. Kravet til helseføretaket er å redusere kostnadane tilsvarande 130 årsverk, og klinikk for akuttbehandling med over 1000 tilsette har fått eit krav kostnadsreduksjon tilsvarande 31,4 årsverk.

Kjersti Bergjord klinikksjef for akuttbehandling i HMR.

- Eg opplever at dei fleste forstår at vi må gjere noko for å få kontroll over økonomien, sjølv om mange opplever det som tøft og vanskeleg når dette gjeld eigen arbeidssituasjon. Per no arbeider vi framleis med ulike forslag og vurderer kva som er aktuelt og ikkje, seier Kjersti Bergjord klinikksjef for akuttbehandling i HMR.

Fordeling av tal årsverk på klinikkar og stab er gjort etter kor stor del ein har av det samla underskotet, og kva utsikter ein har for å nå resultatet for 2019. Direktøren har også opna for at dersom det kjem andre forslag på tiltak som kan vere klokt å gjere i ein vanskeleg situasjon så kan ein også vurdere det. Likt for kravet er at forslaga må vere mogleg å kontrollere og ha ein effekt på økonomien.

Les også saka "Arbeidet med kostnadsreduksjon – status og vegen vidare"


Følgjande reduksjon er fordelt på stab og klinikkar:
• Sentral stab – 6,4 årsverk
• Klinikk for akuttbehandling – 31,4 årsverk
• Klinikk for diagnostikk – 7,3 årsverk
• Klinikk for drift og eigedom – 4,5 årsverk
• Klinikk for kirurgi – 28,3 årsverk
• Klinikk for kvinner, barn og ungdom – 13,5 årsverk
• Klinikk for medsin og rehabilitering – 20,5 årsverk
• Klinikk for psykisk helse og rus – 18,1 årsverk

Diskuterer tiltaka med tilsette
Omstillingsarbeidet er tema i møta mellom adm. dir., føretakstillitsvalte og brukarrepresentantar, og ein har vore oppteken av å få god involvering ute i organisasjonen trass i tidspress på tiltaka. Dei lokale driftsråda ved sjukehusa har også blitt utfordra på å gi tilbakemelding på eventuelle konsekvensar tiltaka kan ha for den interne drifta ved sjukehusa.

Bakgrunn
I januar 2019 vedtok styret ein kostnadsreduksjonsprosess som skulle munne ut i ein reduksjon tilsvarande ca 200 årsverk, og med effekt så tidleg som mogleg i året. Ni prosjekt blei vedtatt gjennomført med oppfølging av tidsplan og rapportering gjennom året. Gjennomføring av dei ni prosjekta skulle gje effekt på til saman 137,7 mill. kroner i 2019. I oppfølginga i styremøtet den 12. juni blei adm.dir. bedt om å gjennomføre strakstiltak på reduksjon av kostnadar tilsvarande 130 årsverk. Målet er at tiltaka skal gi rask effekt og gi ein reell kostnadsreduksjon. Kravet kjem i tillegg til dei ni omstillingstiltaka som blei vedtatt i januar 2019. Fleire av desse ni omstillingstiltaka har vist seg å ha ei meir langsiktig tidsline.

I styremøte den 25. september vil adm. dir. orientere om status i arbeidet for å sikre økonomisk reduksjon tilsvarande 130 årsverk.

Under er ei skisse til tidsplan med tentative datoar som kan bli justert:
-28. aug: Møte med føretakstillitsvalde
- 3. sept: Vidare arbeid med omstilling og oppfølging i leiargruppa  
- 10-11. sept:  Avgjerdgrunnlag til godkjenning i leiargruppa, inkludert plan for gjennomføring og avbøtande tiltak
- 13. sept: Drøftingsmøte med føretakstillitsvalde
- 23. sept: Møte i brukarutvalet
- 23. sept: Formelt drøftingsmøte med føretakstillitsvalte
- 25. sept:  Styremøte i HMR