Held fram arbeidet med å utvikle SNR

Omstillingsarbeidet i Helse Møre og Romsdal vekker bekymring i heile fylket, og det har også løyst ut reaksjonar i Kristiansund. 

SNR vil bestå av eit DMS i Kristiansund og eit felles akuttsjukehus på Hjelset
- Den økonomiske situasjonen i føretaket er alvorleg og vi har respekt for at forslaga til kostnadsreduserande tiltak i HMR møter motstand i befolkninga. Vi opplever at utviklinga av DMS-prosjektet i Kristiansund har vore positiv, og det har vore ein god og konstruktiv prosess. Derfor synes vi det er leit at saken i går fekk ei slik vending, seier adm. dir Espen Remme som vil halde fram dialogen med kommunen.

Oppgåva står fast

Stortinget gjorde i 2017 eit byggevedtak som ga Helse Møre og Romsdal i oppdrag å realisere eit felles akuttsjukehus på Hjelset og eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.

- Oppdraget med å realisere SNR er ei oppgåve som står fast då SNR er ein sentral del av den framtidige løysinga for helseføretaket, seier Remme.  

Direktøren er tydeleg på at ein må ha ein god dialog med kommunane, og førstkommande fredag er representantar for kommunane i fylket invitert til eit felles dialogmøte.

Aktivitetar

SNR-organisasjonen jobber no vidare med følgjande aktivitetar: 

  • Gjere ferdig konkurransegrunnlag for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset. Utlysing i april.
  • Hente inn ny kompetanse i utbyggingsorganisasjonen. 
  • Planleggje ein medverkingsprosess for å sjå på ulike arealendringar og konsekvensar. 
  • HMR vil ha dialog med Helse Midt-Norge om risikoane i prosjektet og for å kvalitetssikre at dei økonomiske føringane for prosjektet blir tydelege for alle partar. 
  • Vidareføre organisasjonsutviklingsprosjekta inn mot SNR. 
  • Vidareutvikle DMS-prosjektet i Kristiansund.