Helseplattformen får lokaler i Ålesund

Lokala i Daaegården vil fyllast av ti tilsette i Helseplattformen, som jobbar tett opp mot Helse Møre og Romsdal i utviklingsarbeidet.

F.v:  Vidar Tennøy, Andreas Giske, Camilla Jacobsen, Jørn Velle Moldskred, Sebastian van Velden og Kjell Brunstad.

F.v: Vidar Tennøy, Andreas Giske, Camilla Jacobsen, Jørn Velle Moldskred, Sebastian van Velden og Kjell Brunstad.

Helseplattformen vil per 1 . januar 2020 ha ti tilsette som er busatt i Ålesund og omegn.

Fem personar er på plass allereie, og fem startar over nyttår. Dette er tekniske ressursar, medarbeidarar som jobbar med integrasjonar og opplæring, og folk som skal arbeide med bygging av applikasjonar i journalløysinga.

Opninga av lokalkontoret i Ålesund vil resultere i mindre reiseverksemd for dei lokale ressursane som er tilknytta Møre og Romsdal.

I tillegg til dei ti som no kan jobbe frå det lokale kontoret, er eit stort antall personar frå Helse Møre og Romsdal engasjert i forberedelsene til innføringa av den nye journalløysinga.

I kommunane er også fleire lokale og regionale innføringsleiarar godt i gang. Over 230 fagekspertar er mobilisert frå helsetenesta i heile regionen.