Her er dei foreløpige omstillingstiltaka

Onsdag skal utkast til styresak diskuterast i møte med dei tillitsvalde, før saka blir ferdigstilt torsdag.

 

​Dei siste vekene har leiargruppa i Helse Møre og Romsdal arbeidd med å konkretisere tiltak knytt til omstillingsprosessen i kjølvatnet av styrevedtaket frå 4. desember. Styresaka blir sendt til styret torsdag 17. januar, men allereie onsdag skal hovudinnhaldet i saka diskuterast med dei tillitsvalde. Forslaget er no oversendt og skal vere grunnlaget for diskusjonen onsdag.

- Det er viktig å understreke at saka ikkje er ferdig bearbeidd ennå. Det gjenstår mellom anna dialog med tillitsvalde, verneombod og brukarar, og det kan bli endringer som følgje av det, seier administrerande direktør Espen Remme.

Etter at styresaka er publisert 17. januar, vil dei føretakstillitsvalde bli innkalt til drøftingsmøte før styremøtet 24. januar.

Hovudtiltak

Reduksjon av meirtid til 2015-nivå (meirtidsprosjekt):

I perioden frå 2015 til 2018 har faste og variable lønskostnadar auka med 142 netto månadsverk (4 %). Aktiviteten i same tidsrom har auka med 3 prosent.  For å oppnå fagleg og økonomisk berekraft er det nødvendig å redusere lønskostnadar som tilsvarar i underkant av 40 MNOK i tillegg til det som tidlegare er lagt inn i klinikkane sine budsjett. Nedtaket er fordelt på klinikkane, og sentrale stabsfunksjonar skal ha ein større andel av reduksjonane enn klinikkane.

Prosjektet kan startast umiddelbart, og er berekna å ha effekt frå 1. april 2019.

Tilpassing av sengekapasitet (sengeprosjekt):

  • For å oppnå berekraft må kostnad per pasient (KPP) og kostnad per DRG (les meir om DRG-systemet her) reduserast. Ein har sett på potensialet for å redusere senger ut frå tre føresetnadar:
    samanlikningar internt, altså interne variasjonar mellom sjukehusa i HMR: gir eit potensiale på mellom 35-58 senger
  • samanlikningar mot Vestre Viken, Sykehuset Innlandet og Sørlandet sykehus gir eit potensiale på 42 senger
  • antatt reduksjon i gjennomsnittleg liggetid med 10 %: gir eit potensiale på 30 senger.

Potensialet vil vere ulikt ut frå korleis ein berekner dette, men data gir grunnlag for reduksjon av ca 40 senger i kirurgi, ortopedi og medisin til saman, som vil utgjere reduksjon av ein sengepost i Molde og ein i Ålesund.

I utviklingsplanen er det gjort framskrivingar som viser auka behov for senger dei neste åra før reduksjon på sikt. Det er viktig å presisere at sengetalet skal vere noko som er dynamisk i høve utvikling av behov.

Slikt uttak av senger har også vesentleg risiko, ikkje minst knytt til samla kapasitet ved det einskilde sjukehuset. For å lukkast må det gjerast vesentlege endringar i svært mange prosessar frå akuttmottak til utskriving, og det må også gjerast endringar i organisering og drift. I samanlikninga med andre føretak vil det kunne vere ulike føresetnader i mellom anna strukturar og kompetansesamansetjing som gir usikkerheit knytt til vurderingar av
potensialet.

Prosjektet skal kunne realiserast innan 1. september 2019.

Endring av tilbod innan spesialisert rehabilitering (rehabiliteringsprosjektet):

I Klinikk for medisin og rehabilitering sin utviklingsplan har det vore varsla ein gjennnomgang av rehabiliteringsfeltet. Det vil bli vurdert å samle senger knytt til spesialisert rehabilitering i sjukehus, auka poliklinisk behandling, tilbod om ambulante tenester og eit nært samarbeid med kommunane. Klinikken har allereie starta ein prosess for å vurdere det faglege grunnlaget for ei slik omstilling og vil levere sin rapport 1. februar.

Dette prosjektet krever eit tett og godt samarbeid med kommunane, og forventa oppstart er 1. august 2019.

Tilpassing av prehospitale tenester og intensivtilbodet (akuttprosjektet):

HMR har 33 ambulansestasjoner og aktiviteten på desse varierar betydeleg. Stasjonar med liten aktivitet blir vurdert slått saman og/eller at ambulansepersonellet har andre oppgåvar i kommunen i tillegg til beredskapen. 

Dette prosjektet krev eit tett og godt samarbeid med kommunane, og forventa oppstart er 1. september 2019.

Det er allereie eit pågåande arbeid knytt til intensiv- og overvakingstilbodet i HMR. Ei differensiering av intensivtilbodet er til vurdering. Prosjektet vil berøre sengeprosjekt og operasjonsprosjekt, og inngår i arbeidet for intensiv- og overvakingstilbodet ved dei enkelte sjukehusa.

Mogleg oppstart er frå 1. juli 2019.

Outsourcing av støttetenester (outsourcingsprosjektet):

Klinikken vurderer å outsource deler av reinhaldsverksemda med oppstart 1. september 2019. Alternativkostnadane er ikkje estimert per no, men antas lågare enn kostnadene ved eiga drift.

Det vurderast også å outsource kiosk- og kafédrift med oppstart 1. september.

Produktivitetsauke innan operativ verksemd (operasjonsprosjekt):

Analyser tydar på at operasjonskapasiteten i helseføretaket kan betre utnyttast. Aukar ein utnyttinga på 10 operasjonsstover med 2 ekstra operasjonar per veke, og opererer i 40 veker per år, kan ein operere 800 fleire pasientar. Dette vil auke inntektane.

Prosjektet kan starte umiddelbart.

Konseptfaserapporten for SNR seier at ein innanfor ortopedi skal utgreie arbeidsdeling mellom einingar, og under dette eventuell utvikling av reine elektive operasjonsliner. Vidare skal ein sjå på moglegheit/potensiale for deling av elektiv verksemd mellom SNR og Ålesund, slik at delingsmodellen er klar ved innflytting i SNR. Målet vil vere å ta ned kostnadar, men desse er ikke berekna på noverande tidspunkt. Moglegheitar og begrensningar må også sjåast i samanheng med vaktliner i Klinikk for akuttbehandling. Løysinga som blir valt, vil verke inn på sengeprosjektet og operasjonsprosjektet. Utgreiingsarbeidet tek til i februar/mars. 

Tilpassing av døgntilbod innan psykisk helse og rus (KPHR-prosjektet):

Klinikk for psykisk helse og rus har hausten 2018 arbeidd vidare med områda som blei skisserte i utviklingsplanen for klinikken. Klinikken ser på tilbodet totalt sett, vurderer dimensjonering, kapasitet og overgang mellom omsorgsnivå. Styringsdokumenta har vore tydelege på retning, der ein skal utvikle polikliniske og ambulante tilbod i samarbeid med kommunane. Klinikkleiinga ønsker å vurdere døgntilbodet innan DPS på Sunnmøre, og arbeider med å finne kompenserande tiltak som til dømes ved å opprette fleire plassar ved andre DPS, styrke ambulante allmennteam og auke det polikliniske tilbodet. Klinikkleiinga har også vurdert endringar av tilbodet innan alderspsykiatri og då spesielt tilbodet av døgnplassar, men ønsker ikkje å gå vidare med dette tiltaket no.

Prosjektet krev god dialog med kommunane, og forventa oppstart er 1. august 2019.

Samling av fødetilbodet (fødeprosjektet):

Det er i utviklingsplanen frå februar 2018 vedtatt å slå saman fødeavdelingane i Kristiansund og Molde i god tid før innflytting i SNR. Fagmiljøa har støtta ei samanslåing sidan 2005, men har ikkje vore einige om kvar og når dette skal gjerast. Det økonomiske utfordringsbildet gjer at tiltaket bør framskyndast.

Prosjektet har forventa oppstart sommaren 2019.

Argumentasjonen for føde-/barseltilbodet bør vere lik for nord- og sørfylket. Det er likevel kompliserande med ei fjordkryssing samt avtalen om å ta imot lågrisikofødande frå Nordfjord/Helse Førde. Ei samanslåing mellom Volda og Ålesund har mindre økonomisk potensiale og blir ikkje vurdert som aktuell på noverande tidspunkt.

Klinikk for kvinner, barn og ungdom har vidare sett på områda psykisk helsevern barn og unge (PHBU), habilitering barn og unge (HABU) og det pediatriske tilbodet som består av barneavdelingane i Kristiansund og Ålesund, barnepoliklinikk på alle sjukehusa, samt nyfødtintensiv i Ålesund. Foreløpig vurdering av tilboda er at ein reduksjon vil ha liten økonomisk effekt, medan stenging av døgntilboda vil ha ein moderat til stor økonomisk effekt. Den samla vurderinga er likevel at desse ikkje er aktuelle på noverande tidspunkt.


Effektivisering av arbeidsprosessar gjennom digitale løysingar (digtaliseringsprosjektet):

HMR ser potensiale i å ta i bruk digitale løysingar for å betre pasientflyt, noko som også er etterspurt av pasientane våre.

Utvida bruk av teknologiske løysingar kan redusere lønskostnadane. Til dømes: automatisk registrering av pasientar ved innlegging og utskriving, automatiske behandlingar av tilvisningar frå fastlege, og teknologiske løysingar som optimaliserer operasjonsflyten.

Mogleg oppstart er 1. juni 2019.

Bakgrunn

I styremøtet i oktober konkluderte ein med at retninga i utviklingsplanen aleine ikkje ville vere nok for å sikre fagleg og økonomisk berekraft i åra framover.
I styremøtet 4. desember vedtok styret eit krav om nedbemanning på 200 årsverk, og at planen skulle leggast fram på ekstraordinært styremøte 24. januar. Etter uro og reaksjoner i arbeidstakarorganisasjonane blei ordlyden i vedtaket presisert for å unngå misforståingar. I eit ekstraordinært styremøte 15. januar blei det fatta eit nytt vedtak i sak 2019-2, der ein vedtar ein kostnadsreduksjon på 131 millionar kronar.

Les også:
Slik er møteplanen denne veka
Vil justere ordlyden i styrevedtak om nedbemanning
Nyheitsbrev frå Helse Møre og Romsdal
Inviterer kommunane på dialogmøte
Meir detaljert informasjon om foreløpige tiltak
Status i arbeidet fram mot styremøtet 24. januar