Historisk kontraktsignering for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

22.oktober signerte Helse Møre og Romsdal kontakt med Skanska Norge AS om vidareutvikling av akuttsjukehuset på Hjelset. Gjennom samhandlingsfasen er målet å redusere kostnadane ned til styringsmålet som er satt for prosjektet.

Skanska og HMR signerer kontrakt for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

- Avtalen med Skanska er ein historisk og viktig milepæl for føretaket. Vi går no inn i samhandlingsfasen der Skanska skal jobbe tett saman med prosjektorganisasjonen og tilsette i føretaket for å finne gode løysingar, seier Nils Kvernmo, konst. adm. dir i Helse Møre og Romsdal

Totalentreprise med samhandling

Gjennom avtalen tek Skanska på seg ansvaret med å levere totalentreprisen inkludert prosjektering, tekniske entreprenørar, samt andre nødvendige entreprenørar og leverandørar. Etter samhandlingsfasen er planen å inngå ein gjennomføringskontrakt med Skanska hausten 2020.

- Skanska sin plan for vidareutvikling og gjennomføring av prosjektet er svært tillitsvekkande. Dei har høgt kompetente og erfarne prosjektmedarbeidarar som vil finne nye løysingar og redusere kostnadane i prosjektet ned til forventa kontraktssum på 2,1 milliardar kroner (ekskl. mva), seier Kvernmo.

Stor kontrakt for Skanska

I vidareutviklinga av prosjektet vil målet vere å sikre eit framtidsretta akuttsjukehus med dei funksjonane og kapasiteten som er vedtatt, og som blir utforma på ein best mogleg måte både for pasientar, pårørande og dei tilsette.

- For Skanska er dette et stort høgdepunkt. Verdien av kontrakten er den største som nokon gong er tildelt for landbaserte oppdrag i Norge, og passer godt med vår forretningsstrategi om å være leiande på store og komplekse prosjekt med tidleg entreprenørinvolvering. SNR er også et strategisk viktig prosjekt for sjukehusbyggaren Skanska, seier konsernsjef i Skanska Norge Ståle Rød

Konsernsjefen er trygg på at Skanska sitt team i SNR-prosjektet har den nødvendige sjukehuskompetansen og erfaringa frå store komplekse samspelsprosjekt, som skal til for å sikre at ein i tett samspel med byggherre og øvrige samspelspartnarar når prosjektet sine mål.

- Vi gler oss til å vere med å realisere dette viktige prosjektet som vil få stor betyding for alle som bor i regionen, seier Rød

Byggestart i 2020

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal blir rekna som eit av dei viktigaste prosjekta i Midt-Norge, og blir finansiert gjennom 70 prosent lån og 30 prosent eigenkapital som er spart opp i Helse Midt-Norge. SNR vil i tillegg til akuttsjukehuset på Hjelset bestå av eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.

Byggestart for akuttsjukehuset er planlagt til hausten 2020 og ein forventar full drift ved sjukehuset 1. mai 2024.