Hjelper barn og ungdom i sorg

Barn og ungdom er også pårørande ved sjukdom eller død i familien. Helse Møre og Romsdal har difor barneansvarlig helsepersonell i alle aktuelle avdelingar som følgjer opp barn og ungdom om foreldre eller søsken blir alvorlig sjuke.

​- Når ein i familien blir sjuk, så angår det heile familien. Sjukdom fører ofte til endringar i livssituasjonen, og barn og ungdom sin kvardag kan bli prega av uro og bekymring, seier barnekoordinator Anne Hollingen i Helse Møre og Romsdal.

Følger opp barna
Barn og ungdomar har bruk for vaksne som snakkar med dei og hjelp dei til å sette ord på kjensler og tankar. Mange foreldre kan forståeleg nok vere i tvil om kor mykje informasjon barnet/ungdomen skal ha, og kor mykje dei skal involverast når ein i familien er alvorlig sjuk eller døyr.
- Vi har eit lovverk som skal ivareta barn og ungdom sine rettigheiter som pårørande. Det betyr at helsepersonell til dømes skal tilby samtale med pasienten om barnet og ungdommen sin oppfølgingsbehov, og tilby informasjon og rettleiing om aktuelle tiltak. Vi skal også legge til rette for at barnet eller ungdommen kan vere med i ein slik samtale, opplyser Anne Hollingen.

Alltid velkomen til sjukehusa
Helse Møre og Romsdal har barneansvarlig helsepersonell på alle aktuelle avdelingar. Dei har ansvar for å fremme og koordinere helsepersonellet si oppfølging av barn og ungdom når foreldre eller søsken er alvorlig sjuke.
- Vår erfaring er at informasjon til dei mindreårige bør starte så tidleg som mogleg i sjukdomsforløpet. Vi oppfordrar foresatte til å ta med barna/ungdommane til sjukehuset på eit tidleg tidspunkt, seier barnekoordinatoren, og legg til at barn og ungdom alltid er hjarteleg velkomen på besøk til sjukehusa i Helse Møre og Romsdal.

Møter publikum
For å sette ekstra fokus på temaet arrangerte Helse Møre og Romsdal «Barn som pårørande»-dagen i april. Det vart sett opp stand på dei fire sjukehusa og på kjøpesentera. Tilbakemeldingane frå dei forbipasserande var blant anna:

«Dere gjer ein superviktig jobb! Kor kan eg få meir informasjon? Dette skulle eg visst for lenge sidan!»

Anne Hollingen har følgende gode råd til oss vaksne:
• Tidleg informasjon
• Ver open og ærleg
• Bruk ord og uttrykk tilpassa barnet/ungdommen sin alder
• Gi barnet/ungdomen lov til å reagere
• Følg opp med samtalar undervegs
• Gi trøyst
• Gi rom for glede i kvardagen
• Samarbeid med barnehage/SFO/skule
• Trekk inn fagleg hjelp ved behov
• Gi rom for barna til å uttrykke seg gjennom leik, teikning


Her finn du:
Informasjonsbrosjyre til vaksne
Informasjonsbrosjyre til barn og ungdom