Ho blir ny kommunikasjonsdirektør i Helse Møre og Romsdal

May Helen Molvær Grimstad (51) byrjar i jobben 1. april.

May Helen Molvær Grimstad

May Helen Molvær Grimstad

May Helen Molvær Grimstad kjem frå  stillinga som rådmann i Sykkylven kommune kor ho har vore sidan 2014. Før det var ho kommunalsjef for helse- og omsorg i Giske kommune.

- May Helen kjenner fylket godt, har tung administrativ og politisk erfaring og er kjend for å vere ein god relasjonsbygger. Eg er utruleg glad for at ho har takka ja til stillinga. Ho vil bli ein viktig støttespelar for meg og eg føler meg trygg på at ho vil bidra godt inn i leiargruppa, seier administerande direktør Øyvind Bakke.

Molvær Grimstad har tidlegare vore Stortingsrepresentant i til saman 16 år og har hatt mange styreverv.

Mellom anna var ho nestleiar i styret i Helse Møre og Romsdal frå mars 2018 til mai 2019.

- Eg opplevde det som svært interessant å vere med i styret i helseføretaket. Gode helsetenester er viktig for oss alle og eg gleder meg no til å arbeide i spesialisthelsetenesta, seier den påtroppande kommunikasjonsdirektøren.
 
Molvær Grimtad tek over jobben etter at Trine Kvalheim slutta 1. november. I mellomtida er Hege Hegle konstituert i stillinga.

Totalt 12 søkte på jobben som kommunikasjonsdirektør i helseføretaket.