HOD ønskte innspel til ny Nasjonal helse- og sjukehusplan

Departementet avslutta Norges-turneen sin i Møre og Romsdal kor dei samla innspel til den nye planen som vil ha fire hovudtema.

HOD på besøk i Møre og Romsdal

HOD på besøk i Møre og Romsdal

Kva innspel har de? Det var spørsmålet representantane frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) stilte deltakarane torsdag 21. februar.

HOD har vore på Norges-turné i arbeidet med ny Nasjonal helse- og sykehusplan, og siste siste stopp på reisa var i Helse Møre og Romsdal.

Fire hovudtema

- Ny plan vil ha fire hovudtema; samhandling, psykisk helsevern, teknologi og kompetanse, fortalde prosjektleiar og avd. direktør Are Forbord frå HOD.

- Det er veldig positivt at HOD tar runden i forkant av planarbeidet. Samhandling er tenesteinnovasjon, og vi må endre tenestene for å få berekraft for framtida, sa adm.dir. Espen Remme i Helse Møre og Romsdal.

Forbord og kollegane frå HOD fekk innspel frå leiarar og tillitsvalde, brukarar og representantar frå kommunane i Møre og Romsdal.

Kommunane var med

Representantar frå kommunane Ulstein, Ørskog, Molde og Kristiansund delte erfaringar og synspunkt kring samhandlinga med spesialisthelsetenesta, konkurransen om fagfolka, grensegangar innan psykisk helsevern og eit lovverk som ikkje opplevast som tilpassa. Det blei også stilt spørsmål om meir lovverk og retningslinjer vil vere med på å styrke partnarskapet i samhandlinga eller ha motsett effekt.

- Avtalar er viktig, men god samhandling handlar om mykje meir enn juss, sa Marit Botten, kommunalsjef for helse- og omsorg i Ulstein kommune.
Kommunalsjef for helse, sosial og pleie og omsorg i Kristiansund kommune delte også tankar om vi har behov for eit tydelegare lovverk innan samhandling.

- Kommunane og helseføretaka er to partar juridisk sett, men det vi bestemmer verker inn på den andre parten. Vi har begge store forbetringsområder på å tenke på konsekvensar for kvarandre. Eg er usikker på om nye retningslinjer og lover vil vere med på å styrke partnarskapet. Det handlar om korleis vi snakkar saman og snakkar om kvarandre, sa Siv Iren Stormo Andersson.

Betre samhandling

Leiarar i helseføretaket fortalde om arbeidet med den eldre multisjuke pasienten, organiseringa av rus- og psykiatri forløp, vellykka bruk av ambulante team og til slutt intravenøs heimebehandling med antibiotika.

Ida Mohn Birkhaug er LIS-lege i medisin og gikk inn i samhandlinga mellom lege-kollegaer i spesialist-og primærhelsetenesta.
- Begge har dårleg tid og kan fort bli satt opp mot kvarandre. Vi snakkar saman, men systemet må legge enda meir til rette for at vi får gjere det. Vi må ha likeverdige møtearenaer og ei finansiering som gir moglegheit for å prioritere tid.

- Dette har vore ekstremt nyttig! Vi har fått høyre gode innlegg og fått mange bra innspel. Sjølv om det er siste besøket så har det også her dukka opp nye innspel, sa Forbord som var veldig fornøgd med at det var så mange til stades også frå kommunane.