I mål med tiltaka i omstillingsarbeidet

Etter første runde i haust var var ein på plass med tiltak for 63 av 85 mill. kr. I styremøtet i dag kunne adm. dir. orientere styret om at klinikkane no er komne i mål med å finne tiltak for dei resterande 22 mill.

Nils Kvernmo orienterer om omstillinga i helseføretaket.
Nils Kvernmo orienterer om omstillinga i helseføretaket.

- Å ha kontroll på økonomien er ein føresetnad for å kunne gi god pasientbehandling i dag. Trenden har vore at lønnskostnadane har auka og gitt lite rom for å bruke pengar på vedlikehald og innkjøp av medisinsk teknisk utstyr, seier konst. adm dir Nils Kvernmo.

I juni ga styret adm.dir. i oppgåve å finne kostnadsreduserande tiltak tilsvarande 130 årsverk (85 mill. kr), med effekt så snart som mogleg og innanfor eksisterande strukturer.

No er det funne tiltak for 85 mill. og gjennomføringa er i gong. Status per 18. oktober gir ein sum på totalt 173 tiltak, der 136 er i gong som planlagt.

- Inntrykket og tilbakemeldingane etter denne andre runden at det også no har vore arbeidd godt for å sikre så god medverknad som mogleg, seier Kvernmo og legg til:

-  Vi har no kome til det punktet der Helse Møre og Romsdal har slitt, og det er med gjennomføringa. Framover vil vi ha ei tett oppfølging av tiltaka, for dette må også gjennomførast i praksis. Om det er tiltak som ikkje blir realisert må ein kome med noko nytt, seier Nils Kvernmo konst. adm. dir. i HMR.

Her er dei siste tiltaka

Klinikk for kirurgi hadde ei restutfordring på 9,5 mill. kr i heilårseffekt. Klinikken legg opp til ein aktivitetsauke og betre ressursutnytting i samband med at ein har opna for å ta imot akuttkirurgiske pasientar på  helg i Volda. I tillegg vil ein gjere betre bruk av spesialressursar som allereie er tilgjengeleg på dagkirurgien og øke aktiviteten på operasjon i Ålesund. Noko nedtak av UTA-tid også med i reknestykket.

Klinikk for akuttbehandling hadde ei restutfordring på ca 8,3 mill. kr. i heilårseffekt.  Klinikken har noko frikjøp av ressursar som reduserer kostnadane, i tillegg til reduksjon av UTA-tid på legar. Klinikken arbeider også med ein betre ressursutnytting i prehospitale tenester inkludert eit prosjekt som blei initiert januar 2019 som ser på korleis ein kan ivareta beredskapen samtidig som ein har ein betre utnytting av ressursane ved stasjonar som har høg beredskap og liten aktivitet.

Klinikk for psykisk helse og rus hadde ei restutfordring på ca 2 mill. kr. i heilårseffekt. Klinikken har m.a. foreslått ei omlegging av blodprøvetaking som gir ein kostnadsreduksjon. I tillegg blir det nedtak av ca 0,8 stillingar innan støttetenester. Klinikken skal også redusere gjestepasientutgifter.

Klinikk for medisin hadde ei restutfordring på 1,1 mill. kr. i heilårseffekt, og har kome i mål med fleire tiltak knytt til reduksjon.

Klinikk for kvinner, barn og ungdom hadde ei restutfordring på ca 2,8 mill. kr. i heilårseffekt. Klinikken har reduksjon i merkantile ressursar i Ålesund og auka aktivitet ved alle poliklinikkar som nokre av tiltaka.

Vidare framdrift

Klinikksjefar og stabsdirektørar er bedt om å sette i verk tiltaka, og er ansvarlege for løpande risikovurdering og iverksetting av avbøtande tiltak ved behov. I avgjerda står det også at alle tiltak skal gjennomførast i forhold til tidsplan og om det er avvik i planen må ein identifisere nye tiltak som må drøftast og settast i verk.

Oppfølging av tiltaka blir gjort gjennom økonomidirektøren og omstillingsgruppa, og det skal rapporterast til styret på tiltaka frå og med oktober 2019.

Betring i prognose for 2019

Statusrapporten for september viser eit underskot på 4,3 millionar kroner. Ifølge økonomidirektør Heidi Nilsen er det mellom anna urealiserte tiltak som er meldt inn tidlegare som bidreg i negativ retning. Aktivitetesnivået er høgare enn venta og bidreg i positiv retning.

Prognosa for 2019 er betra med 8,3 millionar kronar til -80 millionar kroner.