Innfører felles retningslinje for behandling av nedkjølte pasientar

For å styrke behandlinga av alvorleg nedkjølte pasientar, innfører Helse Midt-Norge ei felles retningslinje som skal gjelde for alle sjukehusa i regionen. Tiltaket kjem etter hendingar der ein opplevde svikt i pasientbehandlinga og samhandlinga mellom sjukehus i regionen.

- For Helse Møre og Romsdal har det vore viktig at vi tar lærdom og unngår at slike hendingar skjer igjen. For å sikre at pasientar som er alvorleg nedkjølt får forsvarleg helsehjelp så er vi avhengig av at heile behandlingskjeda fungerer. Derfor har vi saman med dei andre føretaka i Helse Midt-Norge arbeidd for å få på plass ei felles regional fagleg retningsline, seier fagdirektør i HMR, Torstein Hole. 

Tilsyn etter hendingar

Helse Møre og Romsdal har hatt to alvorlege hendingar med nedkjølte pasientar sidan drukningsulykka i Karihola i 2010. Desse hendingane skjedde ved Molde sjukehus i 2018 og i 2019 og begge pasientane overlevde. I tilsynssaka som nyleg blei avslutta har Statens helsetilsyn vurdert handteringa av hendingane, samt korleis føretaket har følgd opp og sikra forbetringstiltak i etterkant av Karihola-ulykka.

I rapporten frå Statens helsetilsyn kjem det fram at Helse Møre og Romsdal, St. Olavs hospital og Helse Midt-Norge ikkje har sikra forsvarleg helsehjelp til pasientar som er alvorleg nedkjølt og at føretaka ikkje har organisert samarbeidet og handteringa av desse pasientane på ein god nok måte.

- Vi ser alvorleg på funna i rapporten og beklagar at vi ikkje ga pasientane forsvarleg helsehjelp. Vi vil no sjå til at den nye retningslina blir teke i bruk av våre tilsette og vi vil gjennomføre øvingar får å sikre at ho blir etterlevd, seier Hole.

Den nye faglege retningslina vil gjelde for relevant personell i heile Helse Midt-Norge, ved alle sjukehusa og for alle i prehospitale einingar.

- Hypotermi er heldigvis sjeldne hendingar, ofte kjenneteikna ved komplekse kliniske symptombilete. Vedtak om behandling skal fattast i dialog mellom fleire fagspesialister i ulike sjukehus og over føretaksgrenser. Det krev regional samordning og standardiserte retningsliner og prosedyrar. No skal kunnskap om dette formidlast til alt relevant personell og implementerast i alle aktuelle organisasjonsledd, seier fagdirektør Henrik Sandbu i Helse Midt-Norge.

Les også saka frå Helse Midt-Norge