Inviterer fire firma til å levere tilbod

I konkurransen om å bygge nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal blir fire firma invitert til å levere tilbod. Eit firma blei ikkje kvalifisert til oppdraget.

 

​- Vi inviterer fire solide og erfarne entreprenørar med vidare i konkurransen. Alle fire kan tilby god kompetanse og kan vise til vellukka referanseoppdrag som er gjennomført som totalentrepriser med samhandling. Vi er optimistiske for det vidare arbeidet og ser fram til å få tilbod frå entreprenørane, seier Knut Ragnar Heimdal, prosjektdirektør for SNR.

Tilbodsfrist 12.juli

Dei utvalde aktørane som er invitert med vidare er Betonmast AS, Hent AS, Skanska Norge AS og Veidekke Entreprenør AS.  Dei får frist fram til 12.juli til å komme med tilbod på bygging av akuttsjukehuset på Hjelset.

- Vi vil bruke sommaren til å evaluere innkomne tilbod og i august vil vi gjennomføre intervju og eventuelle forhandlingar med entreprenørar. Etter planen vil vi inngå kontrakt med ein entreprenør i sep./okt. i år, seier Heimdal.

Skal kutte kostnadar

Konkurransen som er ein totalentreprise med samhandling har ein budsjettramme på 2,1 milliardar kroner. Sentrale oppgåver i det vidare arbeidet blir å utvikle og optimalisere prosjektet innanfor den økonomiske ramma utan å endre funksjonar og kapasitet som er vedteke i forprosjektet.

Ein del av løysinga for HMR

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) blir rekna som eit av dei viktigaste prosjekta i Midt-Norge. I tillegg til akuttsjukehuset på Hjelset vil SNR bestå av eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Fellessjukehuset på Hjelset blir eit stort akuttsjukehus med både somatikk og psykiatri.

Byggestart for akuttsjukehuset er planlagt til 2020 og ein forventar full drift ved sjukehuset 1. halvår 2024.