Inviterer til å bygge akuttsjukehuset på Hjelset

SNR-prosjektet sender ut ny konkurranse for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset. Konkurransen er ein totalentreprise med samhandling, og budsjettprisen er 2,1 milliardar kronar.

​- Sjukehuset Nordmøre og Romsdal er ein viktig del av den framtidige løysinga for Helse Møre og Romsdal og eg er glad for at vi no er klare med ein ny konkurranse. Med SNR vil befolkninga på Nordmøre og i Romsdal få eit framtidsretta og moderne spesialisthelsetenestetilbod, seier Nils Kvernmo, konstituert adm. dir. i HMR. 

Konstituert adm.dir Nils Kvernmo

Konstituert adm.dir Nils Kvernmo


Konkurranse med forhandling

Prosjektet søker etter ein totalentreprenør som skal bidra i vidareutviklinga og realiseringa av SNR. Frist for prekvalifisering er 11. juni og inntil fem entreprenørar vil bli invitert til å levere tilbod innan fristen 12. juli.

- Vi søker ein leverandør med solid utviklings- og samhandlingskompetanse og som har ein klar plan for korleis prosjektet skal gjennomførast. Basert på tilbakemeldingar frå dialogmøte med entreprenørane så er vi optimistiske og trur at fleire er interessert i oppdraget, seier Knut Ragnar Heimdal, prosjektdirektør for SNR.

F,v Knut Ragnar Heimdal og Helge-Johan Hestad

F,v Knut Ragnar Heimdal og Helge-Johan Hestad

Kontraktsignering i haust

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) blir rekna som eit av dei viktigaste prosjekta i Midt-Norge. I tillegg til akuttsjukehuset på Hjelset vil SNR bestå av eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Fellessjukehuset på Hjelset er berekna til om lag 55 000 m2  i bruttoareal og blir eit komplett somatisk akuttsjukehus inkludert psykisk helsevern.

- Målet er å inngå kontrakt med ein entreprenør i haust. Deretter startar vi ein viktig samhandlingsfase som skal sikre ei forsvarleg økonomisk gjennomføring av prosjektet, seier Heimdal

Funksjonar og kapasitet ligg fast

Sentrale oppgåver i samhandlingsfasen blir å gjere kostnadsreduserande tiltak, men utan å endre funksjonar og kapasitet som er vedteke i forprosjektet. God medverking frå tilsette i Helse Møre og Romsdal blir avgjerande for å sikre gode løysingar og eit godt sluttresultat. 

- Planen er å kunne starte bygginga av nytt akuttsjukehus i 2020 og at vi kan ha full drift frå 1. mai 2024, seier Kvernmo.