Inviterer til fagdag i sikkerheitspsykiatri

Fleire eksterne føredagshaldarar skal bidra på fagdagen, kor hovudteamet vil vere sikkerheitspsykiatri i eit samfunnsperspektiv.

Fagdag 22. mai

Fagdag 22. mai

Lokal sikkerhetspsykiatri HMR inviterer til fagdag kor temaet er sikkerheitspsykiatri i eit samfunnsperspektiv. Fagdagen vil belyse ulike sidar og utfordringar innan fagfeltet sikkerheitspsykiatri, og ulike samarbeidspartars roller.

Tid: 22. mai frå kl 09.30 - 15.30
Stad: Pinsekirka i Ålesund


Fleire kjente forelesarar er invitert, mellom anna professor Randi Rosenqvist som har jobba med rettspsykiatri i over 25 år, førsteamanuensis Frans Fluttert ved Høgskolen i Molde, professor Marit Svindseth ved NTNU Ålesund og førstestatsadvokat i Møre og Romsdal, Ingvild Thorn Nordheim. 

Målet med dagen er å fremme ei betre forståing for dei komplekse sidane ved sikkerheitspykiatrien, spesielt dei ulike perspektiva ved behandlinga av pasientar som er dømt til tvungen psykisk helsevern. Andre viktige emner er miljøterapi og tvangsbruk.

Målgruppe for fagdagen: er personell som har erfaring frå arbeid med sikkerheitspasientar og/eller pasientar som er dømt til behandling, brukerorganisasjonar, samarbeidspartar i kommune/påtalemyndigheit/politi.


Meld deg på nå!

Påmeldingsfrist: 6. mai 2019


Programmet for dagen (kan lastas ned her):

09:30 – 10.00 Registrering

10:00 – 10:10 Velkommen v/ direktør Espen Remme

10:10 – 11:00 Sikkerhetspsykiatri i et samfunnsperspektiv v/ Randi Rosenqvist

11:00 – 11:15 Pause

11:15 – 11:45 Påtalemyndighetenes rolle v/ Ingvild Thorn Nordheim

11:45 – 12:15 Kontrollkommisjonens rolle v/ Mette Nyland

12:15 – 13:00 Lunsj

13:00 – 13:45 Etikk, tvang og opplevde krenkelser v/ Marit Svindseth

13:45 – 13:55 Pause

13:55 – 14:55 ERN - Early Recognition Method v/ Frans Fluttert

14:55 – 15:20 Rehabilitering av sikkerhetspasienter – «Rett pasient på rett plass til rett tid» v/ Andreas Kjerstad, Eva Eidset og Perny Oksnes

15:20 – 15:30 Oppsummering v/ Perny Oksnes