Joakim Varvin blir ny prosjektleiar for DMS-prosjektet i Kristiansund

47 år gamle Joakim Varvin frå Sarpsborg får ansvaret med å leie arbeidet med å utvikle framtidas distriktsmedisinske senter i Kristiansund.

Joakim Varvin blir ny prosjektleiar
Varvin har erfaring som sjukepleiar frå Ullevål sjukehus og som prosjektleiar i Kristiansund kommune der han jobba med samhandlingsprosjekt mellom kommunen og helseføretaket.

Frå 2012 har Varvin vore tilsett i Helse Møre og Romsdal som seksjonsleiar ved Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk i Kristiansund. I tillegg til sjukepleiarutdanning frå Høgskolen i Østfold har Varvin teke vidareutdanning i psykisk helsearbeid og leiing ved Høgskolen i Molde. 

- Eg er både glad og takksam for at kommunane og føretaket har gitt meg tillit som ny prosjektleiar. Eg har tru på at Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, med eit sterkt og robust DMS i Kristiansund, vil vere den beste løysinga for pasientane og vil sikre befolkninga eit tilbod av god kvalitet, seier Joakim Varvin, ny prosjektleiar for DMS-prosjektet

Utvikling av prosjektet

I desember 2017 blei Kristiansund kommune, ORKidé og Helse Møre og Romsdal einige om å starte eit felles DMS-prosjekt i Kristiansund. Målet er å etablere eit tilbod der ulike aktørar samhandlar om å gje framtidsretta helsetenester av fremragande kvalitet til befolkninga. Ann Iren Kjønnøy blei tilsett som prosjektleiar, men valte å går frå stillinga i mars i år. Ein viktig oppgåve for Varvin blir å sikre eit godt samarbeid mellom dei ulike partane i prosjektet.

- Samarbeidsklimaet mellom føretaket og nordmørskommunane har vore krevjande, men eg har tru på at det vil endre seg. Både føretaket og kommunane opplever ein krevjande økonomisk situasjon, men har eit felles mål om å sikre befolkninga best mogleg helsetenester. For å lukkast må vi engasjere dyktige fagfolk til å samarbeide på tvers av tenestenivå og tenkje nytt til det beste for pasientane, seier Varvin. 

Sterkt DMS

Kjell Neergaard som er leiar for styringsgruppa og ordførar i Kristiansund kommune er glad for at prosjektet no kan vidareførast med Varvin som prosjektleiar.

- Eg er svært glad for at vi har fått med Joakim på laget, han har det som skal til for å lose dette i hamn. Kristiansund må vært med å ha styringa på innhaldet i DMS og vi ønskjer å bidra til at DMS’et blir så stort og sterkt som mogleg, seier Kjell Neergaard, leiar for styringsgruppa og ordførar i Kristiansund.

Varvin blir tilsett i Kristiansund kommune. Oppstartdato for stillinga er ikkje avklart.