Julestjerner lyser opp for kreftsjuke

Alle dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal er med på årets julestjerneaksjon frå Kreftforeininga som har til hensikt å gi håp og glede til kreftsjuke over heile landet.

Tilsette ved kreftavdelinga ved Ålesund sjukehus

Ved sjukehusa i fylket opplever tilsette at pasientane set stor pris på stjernene som hengast opp. Då veit dei at medmenneske er med og bidreg, noko som gir dei kreftsjuke støtte i ein utfordrande kvardag.

Tilsette ved Molde sjukehus

- Pasientar fortel oss at stjernene gir håp og ein følelse av omtanke og medmenneskelegheit. Pasientane våre stråler faktisk opp når dei ser at stjernene blir hengt opp. Då veit dei at nokon har donert pengar til forsking, noko dei set utrolig stor pris på, seier Siri Talseth-Frilund, konstituert avdelingssjef ved Kreftavdelinga i Helse Møre og Romsdal.

Tilsette ved Kristiansund sjukehus

Rekordmange stjerner

Kreftforeininga har gjennom aksjonen i år satt eit mål om at 15 000 stjerner skal lyse opp i sjukehusvindaugar og korridorar over heile landet. For kvar gåve som blir gitt til arbeidet med kreftforsking, så blir det hengt opp ei ny stjerne på eit sjukehus som du sjølv kan velje.



Tilsette ved Volda sjukehus


Ein folkedugnad

Årleg blir 34 000 nordmenn sjuke av kreft. Fleire må gjennomgå tøff kreftbehandling i jula. Dei ofte lange og avanserte kreftbehandlingane tek aldri ferie. For å gje dei kreftsjuke og deira pårørande støtte og håp, deltek heile 97 sjukehus og sjukeheimar på årets aksjon. 

Les meir om aksjonen