Klar for å samarbeide om eit nytt og moderne DMS i Kristiansund

- Dei tilsette er ivrige på å komme i gang med å planlegge det nye distriktsmedisinske senteret i Kristiansund, seier seksjonsleiar Birgitte Arnøy etter eit dialogmøte på sjukehuset.

Frå møtet ved Kristiansund sjukehus

Prosjektleiar for DMS-prosjektet i Kristiansund Joakim Varvin inviterte onsdag til dialogmøte på Kristiansund sjukehus. Formålet var å gje informasjon om det planlagte DMS-et, oppsummere arbeidet så langt og fortelle om planen for det vidare arbeidet.
- Det ble eit konstruktivt møte, og det var veldig kjekt at så mange møtte. Dei frammøtte ønska framdrift i prosjektet og å få beslutningar/avklaringar knytta til innhald, og korleis det vil påvirke arbeidskvardagen til kvar enkelt, seier Joakim Varvin.

Viser forståing
Seksonsleiar for operasjon Birgitte Arnøy ved Kristiansund sjukehus var til stede på møtet, og ho tek fram at det var positivt med eit dialogmøte. - Dei tilsette ønskte tydelege svar for kva som skal skje framover, men dei viste også forståing for at det er mykje som enda ikkje er vedtatt.
- Vi fikk god informasjon om prosessane framover, og mitt inntrykk er at alle er ivrige på å komme i gang og ikke minst delta i arbeidet, opplyser Arnøy, som legg til at fleire hadde konkrete spørsmål knytta til turnus og arbeidsforhold i samdrift med det nye sjukehuset på Hjelset; som kor mange skal arbeide ved DMS-et og skal ein arbeide to plassar?

Stort og godt engasjement
Det kom og fram eit behov for større lokal medverking i arbeidet, og det vart også peikt på at ein må sjå på arealdisponeringa på nytt. Varvin fortel at desse spørsmåla med fleire er særs relevante å gi svar på så snart det lar seg gjere, og det er også viktig for å lykkast i det vidare arbeidet.
- Eg opplever eit stort og godt engasjement rundt DMS-et frå dei tilsette ved Kristiansund sjukehus. Det er mange flinke mennesker som brenn for faget sitt og som vil utvikle helsetenestene til beste for pasientane. Med eit slikt engasjement er eg veldig optimistisk i forhold til realisering av eit moderne DMS i Kristiansund, utdjupar Varvin.

Navnekonkurranse?
Det kom og fram på møtet eit ønske om eit anna navn på DMS-et enn det som brukast i dag, noko Varvin har fått med seg og tenkt litt rundt.
- Kanskje skal vi utlyse ein navnekonkurranse, seier han, og legg til det i alle fall skal etableres ei nettside, og fleire andre kanalar for å gi best mulig informasjon ut til tilsette, pasientar og publikum etterkvart som prosjektet skrid fram.